Hopp til innhold

Risikerer fengsel for grove truslar

Fire menn i 20- og 30-åra må møte i retten, etter at dei troppa opp med hagle, øks og balltre for å krevje inn husleige frå ein østeuropeisk leigetakar i Fyllingsdalen. Det skriv BA. Dei fire tvang ein leigetakar inn i ein bil og køyrde rundt i Bergen, fram til dei blei arrestert av politiet. Mennene risikerer opptil tre år i fengsel.