Risikerer bøter etter fest

Fire ungdommar som er meld til politiet for ordensforstyrring etter at ein russefest gjekk ut av kontroll i Åsane i helga, risikerer 10.000 kroner i bot. Totalt sju ungdommar er meldt til politiet, og tre av desse risikerer fengselsstraff. For dei andre fire ungdommane vil sakene kunne avgjerast med førelegg på mellom 6 og 10.000 kroner, opplyser politiadvokat Kjetil Tomren. Det er få av ungdommane som har erkjent straffskuld.

Tre ungdommer er siktet for vold mot politiet.