Hopp til innhold

Risikerer livet for å ta spektakulære bilete

Turistar går ofte over sperringar og gjerde for å ta gode bilete av Vøringsfossen. Leiaren av Destinasjon Eidfjord ser dette med jamne mellomrom, og ho meiner ein må ha respekt for naturen.

Etter dødsulukke ved Vøringsfossen vil Eidfjord kommune sikra området ved fossen betre.

TEK SJANSAR: Nokre turistar tek store sjansar ved Vøringsfossen. Britiske Emily Lees innrømmer at ho av og til kryssar sperringar og gjerde på farlege stadar, men gjorde ikkje det ved Vøringsfossen.

Ei russisk kvinne i 50-åra omkom etter å ha falle i elva over Vøringsfossen i går. Ho blei drege fleire hundre meter nedover elva og vidare ned i fossen. Dei fem siste åra har tre personar omkome etter å ha falle i Vøringsfossen i Eidfjord kommune.

Marit Stadheim

– GLØYMER FARAR: Dagleg leiar Marit Stadheim i Destinasjon Eidfjord trur turistar kanskje gløymer å tenkja på farar når dei reiser vekk på ferie.

Foto: Ingvild Nave / NRK

– Ein skal ha respekt for naturen i landet vårt og det finst mange stup sånn som ein har her. Ein skal vite at det går rett ned og då skal ein vera forsiktig, seier dagleg leiar Marit Stadheim frå Destinasjon Eidfjord.

– Eg kjenner at eg ikkje har det godt når eg ser at folk delvis går over gjerdet og sperringane, seier Stadheim

– Manglar turistane respekten?

– Ein tenkjer kanskje ikkje over dei farane som kjem når ein er i eit anna land. Ein er kanskje i lukkerus, det er ferie og tenkjer kanskje ikkje på andre ting, seier Stadheim.

– Ser meir skummelt ut på biletet enn i røynda

Bilete av Monika Milewska ved Vøringsfossen

FØRSTE GONG: Mor til Monika Milewska tok dette bilete då dei sist veke besøkte Vøringsfossen for første gong.

Foto: Privat

20 år gamle Monika Milewska besøkte Vøringsfossen torsdag sist veke og tok då eit bilete på ein stad som på biletet ser ganske så skummel ut.

– Eg synest det var greitt, men hadde det vore regn og glatt så hadde det kanskje vore litt skummelt. Det var litt bratt, men det var tørt. Eg har høgdeskrekk, men detta var ikkje så gale. Det ser mykje verre ut på biletet enn i røynda, men det var det som var planen også, seier Milewska.

Monika Milewska såg Vøringsfossen for første gong då ho var der sist veka, og ho blei godt nøgd med biletet ho fekk tatt.

– Eg synest biletet vart stilig. Det var mamma som tok det, forklarar ho.

Ho har i ettertid av besøket til fossen fått med seg ulukka som skjedde der i går.

– Det er skummelt å tenke på det som skjedde og det er ikkje bra at folk går så langt ut på stup, meiner ho.

– Ein bør passa seg og ikkje gå for langt ut, legg ho til.

– Ville ha klatra gjennom gjerdet

Kvinna som i går fall i elva over Vøringsfossen og omkom var ei russisk kvinne i 50-åra. I 2011 omkom ei 61 år gammal kvinne frå Austerrike då ho snubla og fall, og ein russisk mann omkom etter eit fall i 2009.

LES OGSÅ: Sonen (26) blei vitne til ulukka

– Det er nok ikkje så mange utanlandske turistar som veit om at det har skjedd noko her. Når det gjeld nordmenn så får dei det meir med seg, dei kan lesa og ser det i nyhenda, så det blir litt annleis med nordmenn, seier Marit Stadheim.

Emily Lees og John Tyler

KLATRAR OVER: Emily Lees og John Tyler har sett fleire som har klatra over sperringar ved Vøringsfossen. Dei innrømmer at dei av og til gjer det same sjølv, men vil ikkje gjera det ved Vøringsfossen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Emily Lees og John Tyler frå Manchester i England besøkte Vøringsfossen i dag. Dei innrømmer at dei av og til kryssar sperringar og gjerde på farlege stadar, men gjorde ikkje det i dag.

– Eg liker ikkje å innrømme det, men eg er det. Om ein ser det gjerdet der borte så ville eg klatra gjennom det. Men etter at vi høyrde om den tragiske ulykka i går, så vart eg redd – så eg lærte av det, seier Lees.

– Vi kom til hotellet i går og ville bort til Vøringsfossen, men då fekk vi vite at nokon hadde falle utfor. Og då tenkte vi at her må vi vere forsiktig, seier Tyler.

– Så de kjem ikkje til å klatre over?

– Nei, ikkje her. Men vi har sett mange som har gjort det i dag. Det er heller ingen vakter her som passar på, og folk tenkjer sikkert at dei berre skal raskt ta eit bilete, og sidan ingen kontrollerer så gjer dei det, seier dei.

– Fare kan trekkje til seg folk

Fareskilt ved Vøringsfossen

FARE: Det er sett opp skilt om at ein må vera forsiktig ved Vøringsfossen i Eidfjord. Ein kunne hatt betre kontroll med vakter, meiner to turistar som besøkte fossen i dag.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Dei to britiske turistane synest det kunne blitt betre kontrollert med vaktar, men dei synest ikkje at det bør kome meir avgrensingar og gjerde. Det meiner dei vil øydeleggje opplevinga.

– Trur de det er mange turistar som kjem hit og som ikkje veit risikoen?

– Vi var til Trolltunga for to dagar sidan og folk gjekk heilt ut og sat på kanten av steinen. Det var ingen som passa på at ikkje folk gjekk for langt ut, alle gjorde det dei ville, seier dei.

– Fare kan òg trekkje til seg folk, ved at folk synest det er spennande når det er farleg, seier Lees.

Trur utanlandske turistar vil ferdast som i dag

Utkikksplass ved Vøringsfossen

UTSIKT: Det finst fleire utkikksplassar ved Vøringsfossen. Nokre av dei er meir farlege enn andre.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Leiaren i Destinasjon Eidfjord trur ikkje ulukka som skjedde i går vil få færre til å reisa til Vøringsfossen, og ho trur utanlandske turistar vil halda fram med å ferdast på den måten dei gjer i dag.

– Nei, eg trur ikkje at detta skremmer vekk turistane. Ein veit at naturen kan vera farleg og ein skal vera forsiktige. Men ein kan ikkje gjerda inn alle stup i Noreg, sjølv om dette er ein plass som har mange besøkande så er det vanskeleg, seier Marit Stadheim.

– Er det farleg å vera turist ved Vøringsfossen?

– Ja, det kan vera farleg om ein ikkje respektere naturen og forholda her, seier Stadheim.

– Risikoen aukar når ein får trafikk av turistar

Ordføraren i Eidfjord kommune seier at kommunen vil prøva å starta sikringsarbeid ved fossen til hausten, men meiner det vil vera vanskeleg å sikra alle punkt. Lensmannen i Hardanger meiner også at Vøringsfossen er eit utfordrande område.

– Det er utfordrande for det er veldig stygt der. Men det er sett opp skilt om at ein må vera forsiktig, seier Lensmann i Hardanger Terje Kvalvik.

– Når ein får auka trafikk av turistar til sånne plassar, så aukar også risikoen for at ting skal skje, seier Kvalvik.