Hopp til innhold

- Eg var sikker på at vi kom til å døy

Oren og Elana Salomon frå Israel er på ferie i Norge. Måndag hamna dei midt i branndramaet i Gudvangatunnelen. – Eg ringde heim for å ta farvel, fortel Elana.

Vogntog i brann i Gudvangatunnelen

DRAMA: Her tek vogntoget fyr inne i Gudvangatunnelen. 80 personar vart evakuert frå tunnelen, mellom anna Oren og Elana Salomon frå Israel.

Foto: Monika Blikås

Oren Salomon

GLAD: Oren Salomon er glad for at han og kona kom seg ut av Gudvangatunnelen i live. No er begge innlagd på Haukeland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ekteparet frå Israel var av dei som vart fanga i Gudvangatunnelen måndag. Eit vogntog tok fyr og tunnelen vart fylt med røyk.

– Vi såg at folk prøvde å snu. Så kom det ei bølgje med røyk. Alle fekk panikk og prøvde å flykte, fortel Oren Salomon.

Han og kona Elana møter NRK på Haukeland universitetssjukehus, der dei er innlagde etter branndramaet i tunnelen måndag.

Kring 80 personar vart evakuert frå tunnelen, og 65 personar er innlagd på sjukehus. Tilstanden for ti av dei er alvorleg, ifølgje Helse Bergen.

– Alt skjedde så fort

Ekteparet fortel at det fort vart vanskeleg å orientere seg i tunnelen. Dei visste ikkje om brannen var bak eller framfor dei.

– Alt skjedde så fort. Det var klart, men plutseleg var det mykje røyk og vi fekk ikkje pusta, fortel Oren.

Kona hans oppdaga at ho hadde nettdekning, og søkte etter naudnummeret i Norge. Deretter ringde ho naudtelefonen, og heldt kontakten med AMK resten av tida dei var i tunnelen.

– Ho fortalde at vi ikkje skulle gå ut av bilen. Så vi vart verande der til vi vart redda, kring ein time seinare, fortel Elana.

Ringde heim for å ta farvel

– Røyken var utruleg tjukk, og heile fjeset mitt var heilt svart, fortel Oren. Han var på eit tidspunkt ute av bilen for å undersøke i kva retning næraste utgang var.

Begge opplevde situasjonen som svært dramatisk. Dei stod fast i ein tunnel utan å kunne sjå noko og følte at det tok lang tid før hjelpa kom.

– Eg trudde verkeleg vi skulle døy. Så eg ringde heim til mor mi for å ta farvel og fortelje at eg er glad i ho, seier Elana.

Ein trailer tok til å brenne i Gudvangatunnelen. Slik ser det ut dagen etter.

SJÅ VIDEO: Her var ekteparet fanga. Slik ser det ut i Gudvangatunnelen i dag.

Vart berga av redningsbil

Men like etter banka nokon på vindauga. Ein redningsmann med oksygenmaske var komen for å hjelpa dei ut.

– Han spurte om vi kunne gå 300 meter i retning mot blinkande blålys, fortel ekteparet.

Dei lét alt liggja, med unntak av mobilen der Elana framleis var i samtale med kvinna på AMK. Saman med eit anna par vart dei frakta ut av tunnelen og i sikkerheit i ein redningsbil.

– Men vi kolliderte med tunnelveggen fleire gonger, det var verkeleg heilt umogleg å sjå noko som helst.

No ligg dei på Haukeland til i morgon, før dei held fram ferien i Norge.

– Heilt fram til det som skjedde i tunnelen, har vi kost oss veldig her i Norge, fortel ekteparet med eit smil. Dei ventar på å få vita kva som skjer med bilen deira, før dei set kursen vidare mot Stavanger.