Pokémonfeberen brer om seg over heile landet. For bebuarane på Nordnes i Bergen har det fått kjedelege konsekvensar.
– Det var over 200 personar der når me kom ut over midnatt, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Kjersti Eidsnes.
- Les også:
Nordnes er blitt ein svært populær stad å spela det såkalla «utvida verkelegheit»-spelet Pokémon Go.
– Det stod over 50 bilar på parkeringsplassen med motoren på når me var ute med ein ny patrulje klokka 00.30. Det er klart at dette skapar problem for bebuarane der ute, seier Eidsnes.
Klager dagleg på bråk
På Nordnes får politiet inn daglege klager på bråk frå Pokémonjakten på Nordnes.
– Me prøver å snakke med folk for at dei i alle fall ikkje skal la bilane gå på tomgang. Folk må ta omsyn nattetid.
FOLKSAMT: Det hopa seg opp med bilar på Nordnes i Bergen i natt.
Foto: 03030-TIPSAR- Les også:
Eidsnes legg til at personane elles er svært greie å ha med å gjera.
– Det er ikkje noko tull med dei, ingen slåsting og krangling. Dette er folk som er oppriktig interessert i spelet. Men det blir mykje inn og ut av bilar og slamring med dørene. Det forstyrrar naboane.