NRK Meny
Normal

– Giske-saka ei krise som overskygger alt

Varslarsakene mot Trond Giske har sett politikken på vent, meiner leiaren i Hordaland Arbeidarparti. Han trur likevel partiet kan kome styrka ut av krisa.

Hans-Erik Ringkjøb

HÅPAR EIN KJEM STYRKA UT: Leiar i Hordaland Arbeidarparti, Hans-Erik Ringkjøb, trur krisa i Arbeidarpartiet kan føre til eit sterkare parti på sikt. – Det er ille akkurat no, men eg trur leiinga vil kome til ei god løysing.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Situasjonen i Arbeidarpartiet er ille akkurat no. Vi har engasjert oss i politikken for å drive med nettopp politikk, men akkurat no er alt slikt sett på vent, seier leiar Hans-Erik Ringkjøb i Hordaland Arbeidarparti.

Arbeidarpartiet har vore i hardt vêr etter at det vart kjend at fleire kvinner har varsla om at dei har vorte utsett for upassande oppførsel frå nestleiar Trond Giske. Situasjonen har av fleire stortingsrepresentantar vorte skildra som svært alvorleg.

– Slike saker er altoverskyggande, og det er ingenting anna som får merksemd. Men eg har tillit til arbeidet som vert gjort i partileiinga no, seier Ringkjøb.

– Full tillit

Tysdag var sentralstyret i Arbeidarpartiet samla til eit ekstraordinært møte for å diskutere leiinga si handtering av varsla. Dei gav si støtte til partileiar Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng si handtering av saka. Den vidare prosessen vert dermed opp til deira vurdering.

– Eg har gitt mi fulle støtte til partileiinga si handtering. Det handlar om å handsame saka på ein skikkeleg måte, og samstundes passe på at det ikkjetrekker ut i tid. Den balansen meiner eg at ein har funne, seier Ringkjøb.

– Men no veit vi ikkje kor lang tid det vil ta?

– Nei, men signala er tydelege på at ein ønskjer god framdrift, seier Ringkjøb.

Jonas Gahr Støre om Giske kan komme tilbake som nestleder

MØTTE PRESSA: Jonas Gahr Støre svara tysdag på spørsmål om Trond Giske kan kome tilbake som nestleiar i Arbeidarpartiet.

– Politikken som betyr noko

Også leiar for Hordaland AUF, Benjamin Jakobsen, synest situasjonen er uheldig.

– Det er sjølvsagt dumt når saker som dette kjem opp og tek vekk fokus frå det vi eigentleg skal drive med. Men eg trur saka blir handtert på ein god måte, og har tillit til dei som no sit med ansvaret for dette.

Korleis må Arbeidarpartiet jobbe for tilliten til veljarane framover?

– Eg trur det er politikken vår som betyr noko for folk. Det er den vi no må få fram, seier Jakobsen.

– Vi røykjer det ut

Ringkjøb håpar partiet kan kome styrka ut av den vanskelege situasjonen.

– Vi kan kome ut av denne krisa med noko positivt, og her finst moglegheiter. Vi kan bli eit parti der terskelen for å varsle er lågare og setje standarden for kva som er greitt og ikkje. På den måten kan vi i større grad bli ein kraftfull organisasjon som kan utvikle meir god politikk.

Se hele intervjuet med APs nestleder Trond Giske i Dagsrevyen.

– No røykjer vi ut det som skal røykjast ut, og deretter kan vi heller kome sterkare tilbake som ein meir inkluderande og betre organisasjon. Dit kjem vi, det er eg hundre prosent sikker på, seier Ringkjøb.

Siste video

Feirer Den Norske Turistforening 150 år
Kei Solvang fikk inspirasjonsprisen til en verdi av 7500 kroner for sin sceneopptreden under Ungdommens musikkmesterskap.
Daniel og Jaroslav Letiagin i Brothers Duo fra Askøy