Hopp til innhold

I dag kjem svara på kva politiet gjorde feil

Riksadvokaten presenterer rapport etter å ha granska Hordalandpolitiet si etterforsking av Monika Sviglinskaja (8) sitt dødsfall.

Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes

I DAG KJEM RAPPORTEN: Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes har leia Riksadvokatens si gruppe som har granska Hordalandpolitiet si etterforsking av Monika-saka. I dag kjem rapporten.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Monika Sviglinskaja

FUNNE DØD: Monika Sviglinskaja (8). Nesten tre år etter hennar død vart eks-stefaren (32) sikta for forsettleg drap.

Foto: Privat

Måndag legg Riksadvokaten fram sin rapport etter å ha granska Monika-saka i fleire månadar.

– Stemninga i politidistriktet er sjølvsagt spent. Dette er ei sak som har prega politidistriktet i lang tid, og vi er sjølvsagt spent på kva som kjem, seier lokallagsleiar Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund i Hordaland.

Den opphavlege politietterforskinga av den åtte år gamle jenta sin død konkluderte med sjølvdrap, trass fleire mystiske omstende ved åstaden. Ein politietterforskar varsla seinare om at jenta kunne vere drepen, men vart ikkje høyrt av leiinga i politidistriktet.

Førebudd på kritikk

Press frå mora sin bistandsadvokat gjorde at saka vart opna igjen i 2014. I oktober i fjor vart den 32 år gamle eks-stefaren arrestert og sikta for forsettleg drap. Mannen nektar straffskuld.

Saka er blitt ein verkebyll for Hordaland politidistrikt og den har utløyst eit skred av varslingar, granskingar og undersøkingar.

Same dag som eks-stefaren vart arrestert av politiet, varsla Riksadvokaten ei gransking av Hordaland politidistrikt si handtering av saka. I tillegg er politiet i Hordaland meldt til Spesialeininga for politisaker for mangelfull etterforsking og for å halde tilbake dokument.

Dei neste vekene kjem dommen over politiet i Hordaland sitt arbeid i Monika-saka, og Riksadvokaten sin rapport er altså først ut i dag. Den blir lagt fram i Oslo klokka 11.00.

– Målet er å læra

Leder for Politiets Fellesforbund i Hordaland, Kjetil Rekdal.

SPENT: Kjetil Rekdal, leiar for Politiets Fellesforbund i Hordaland.

Riksadvokaten sette ned ei gruppe på fem personar som skulle undersøke den opphavlege Monika-etterforskinga. Gruppa har sett på kva som vart etterforska og ikkje, kva bevis som vart henta inn samt undersøka rolla til påtalejuristen.

– Det viktigaste med det heile er læringstiltaket. Kva norsk politi kan lære av saka, sa leiar av gruppa, førstestatsadvokat Bjørn Soknes til NRK i januar.

Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund håpar Riksadvokaten har vore grundig i arbeidet.

– Såpass at me kan henta ut læring av dette og som gjer oss i betre stand til å gjera ein betre jobb i framtida.

– Trur du rapporten kan få konsekvensar for leiarar i Hordaland politidistrikt?

– Det spørsmålet ynskjer eg ikkje å svara på no.

Politidistrikt under lupa

Bergen Politikammer

Politihuset i Bergen sentrum.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Den interne kritikken har tårna seg opp i politidistriktet, etter at Monika-saka sprakk i Bergen i haust. Etter to nye varslersaker i januar, har landets nest største politidistrikt totalt fem varslingssakar gåande.

I tillegg til Riksadvokaten er det er fleire ulike instansar som gjennomfører undersøkingar og granskingar i kjølvatnet av Monika-saka:

  • Spesialeininga for politisaker ser nærare på Hordaland politidistrikt sin etterforsking av saka – frå funnet av den døde jenta i november 2011 og fram til saka vart tatt opp igjen. Fire politifolk er mistenkt for straffbare forhold under etterforskinga av saka, og risikerer bøter. Spesialeininga vil presentere sine konklusjonar i saka på eit seinare tidspunkt.
  • Spesialeininga vurderar også å etterforska korleis politietterforskaren som varsla om manglande etterforsking i Monika-saka vart behandla av leiinga. Spørsmålet er om behandlinga av varslaren er brot på arbeidsmiljølova.
  • Politidirektoratet er allereie i gang med ei slik gransking av varslingssakene i Hordaland politidistrikt. I ei av sakene rettar dei kritikk.

Riksadvokaten legg fram sin rapport klokka 11.00 ved Riksadvokatembetets lokale i Oslo i dag.