Hopp til innhold

Riksadvokaten beordrar full etterforsking av dødsskredet på Votlo

Politiet la bort saka som undersøkingssak. Eitt år etter at ei fembarnsmor døydde i sin eigen heim, skal politiet etterforska moglege straffbare forhold i forkant av skredet.

Ras Votlo

KNUST: Eit jordskred gjekk tvers gjennom huset på Votlo på Osterøy.

Foto: Jon Bolstad / NRK

«Etter Riksadvokatens syn må det iverksettes etterforskning med sikte på å avklare om det er begått straffbare forhold fra kommunens side», heiter det i avgjerda som Bergens Tidende fredag kveld omtalar.

Politiet skal dermed etterforska om kommunen kan ha gjort seg skuldig i straffbare forhold i forkant av dødsraset 7. desember i fjor.

Det blir vist til arbeid som kommune har gjort i skråninga der skredet gjekk. Mellom anna skal det dreia seg om grøfter, leidningar og røyr som kan ha ført vatn inn i skredområdet.

– Ein kan no få ei grundig vurdering av forholda rundt dei kommunale tiltaka som er gjort i skråninga over rasstaden og få vurdert den rettslege sida av saka, seier bistandsadvokaten til den avdøde kvinna sin sambuar.

Ras Votlo

MYKJE REGN: Det regna kraftig natta før raset gjekk på Votlo 7. desember i fjor. Nedbørsmengdene var truleg ei av årsakene.

Foto: NRK

Grov med berre nevane

Fredag er det nøyaktig eitt år sidan den vesle bygda Votlo blei ramma av ei stor tragedie, då fembarnsmora Kristine Anette Andersen (38) døydde etter at huset i bustadfeltet blei treft av eit jordskred.

Tidleg om morgonen 7. desember losna store jord- og steinmassar i lia over huset. Massane gjekk tvers gjennom soverommet der Andersen låg og sov. Familie og vener grov etter fembarnsmora med berre nevane, men livet hennar stod ikkje til å redda.

Kristine Anette Andersen

OMKOM: Kristine Anette Andersen døydde i jordraset 7. desember 2017.

– Sambuaren er letta

Vest politidistrikt la bort saka som ei undersøkingssak i haust. Hordaland statsadvokatembeter heldt seinare fast ved avgjerda.

Advokat Ingrid Aksnes blei oppnemnd som bistandsadvokat for Robert Lillejord, den avdøde kvinna sin sambuar, i oktober. Ho klaga seinare avgjerda inn for Riksadvokaten på vegner av Lillejord.

– Eg blei oppnemnd bistandsadvokat for Lillejord omtrent samstundes som politiet si undersøkingssak etter ulukka blei lagt bort, og sette då i gang arbeidet med å påklaga avgjerda på vegner av han, seier Aksnes til NRK.

Ifølge advokaten sat Lillejord att med mange uavklarte spørsmålet i samband med ulukka.

– Han uttrykker lette over at Riksadvokaten har gjort om vedtaket om å legga saka bort. Det viktigaste for Lillejord er å få svar på alle spørsmåla som framleis står uavklara etter ulukka.

Jordskredet på Votlo, Osterøy

HALVT ÅR ETTER: NRK besøkte rasstaden i mai. Fleire naboar har i ettertid etterlyst betre sikringstiltak frå kommunen si side.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Rapport: – Fleire faktorar medverka

I midten av november publiserte Sweco sin rapport etter dødsskredet. Sweco peikte på at både hellinga på bakken, nedbør og menneskeskapte faktorar truleg var medverkande årsaker til skredet.

NRK har snakka med fleire innbyggjarar i grenda Votlo som viser til at det offentlege tidlegare har grave ned både straumkabel og avløpsrøyr som kan ha gjort skråninga ustabil.

Fleire har etterlyst betre sikringstiltak etter den fatale ulukka.

Politiet har sett ned ei etterforskingsgruppe som no skal sjå på ulukka med nye auge, opplyser påtaleansvarleg Trygve Ritland i Vest politidistrikt til BT.

Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll seier kommunen deler målet til Riksadvokaten. Ordføraren har tidlegare sagt at grøftene i skråninga kan ha medverka til at det rasa.

– Riksadvokaten står fritt til å iversetta ettterforsking. Osterøy kommune har hatt same mål heile vegen - å finna ut kva som var årsaka. No har me gått så langt me meiner er tenleg og mogleg for å få saka avklart, seier Skeidsvoll.

Sikringstiltak av rasområdet er prosjektert og ventar behandling av NVE.