Riggarbeidar var på lugaren då han døydde

Den omkomne 53-åringen var på lugaren då ei bølge på opp mot 30 meter trefte oljeriggen. Men kva som hendte då han døydde, kan ta fleire månader å få svar på.

COSL Innovator til sjøs

BØLGE PÅ 30 METER: COSL Innovator vart råka av brottsjø i Nordsjøen 30. desember. Ein 53 år gamal mann mista livet i ulukka.

Foto: Bård Hansen

53 år gamle Rune Morten Narvåg mista livet då oljeriggen COSL Innovator vart råka av brottsjø på Troll-feltet i Nordsjøen førre veke. Narvåg var tilsett i Aker Solutions og busett i Oslo, men jobba som teamleder subsea-avdelinga til Aker på Ågotnes i Hordaland.

53-åringen jobba i selskapet i 37 år. Han var medlem i forbundet Industri Energi, og dei skriv på sine nettsider at Narvåg var på lugaren då oljeriggen vart råka av ei kjempebølge.

Det er framleis mykje som er uklart rundt ulukka, men den omkomne var altså innandørs i eigen lugar då ulukka skjedde.

Bølga kan ha vore så høg som 30 meter, og skal ha trykka inn fleire ruter på bustaddelen av riggen. 44 riggarbeidarar vart evakuert inn til land med helikopter same kveld.

– Tankane går til familien

– Han har vore både styremedlem og nestleiar i Aker Solutions-klubben vår. Han var ein dyktig og kunnskapsrik tillitsvald som brydde seg om sine arbeidskollegaer, seier forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi.

Petroleumstilsynet har sett i gong gransking av hendinga. Pressekontakt Eileen Brundtland fortel til NRK at teamet var om bord på oljeriggen 1. nyttårsdag.

– Dei byrja straks med undersøkingar. Det er gjort grundig synfaring av riggen innvendig og utvendig og det er gjort intervju med fleire. Granskingsteamet returnerte i går kveld, seier Brundtland.

Eileen Brundtland

Pressekontakt Eileen Brundtland i Petroleumstilsynet.

Foto: Petroleumstilsynet

Målet med undersøkinga er å kartlegga hendingsgangen, vurdere konsekvensane og finne ut årsaka til at kjempebølga fekk eit slikt fatalt utfall som den gjorde. Brundtland seier det er vanskeleg å sei kor lang tid det vil ta før granskinga er ferdig.

– Men det kan ta fleire månadar. COSL har også si eiga gransking som blir med i vår rapport, seier ho til NRK.

COSL Innovator

TIL LAND: Her går riggen for maskin på veg mot land dagen etter ulukka.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Minnestund

Aker Solutions på Ågotnes held måndag ein minnestund for sin avdøde kollega. Bedrifta har allmøte for dei tilsette og det blir lagt fram kondolanseprotokoll.

Stavanger Aftenblad skriv måndag at politiet formelt ikkje har starta etterforsking av dødsulukka.

– Vi har oppretta undersøking, men ventar på Petroleumstilsynet si gransking for å sjå om det er grunn til å tro at det har skjedd lovbrot, seier seksjonsleiar Åslaug Høgemark ved Nordsjøseksjonen i Rogaland politidistrikt til NRK.

Eit viktig moment for dei er å finne ut kva som var dødsårsaka.

– Vi har bestilt obduksjon av den døde og det og tilsynet si gransking blir viktig for kva vi gjer vidare, seier Høgemark.

Oljeriggen som vart råka av brottsjø er eigd av COSL Drilling Europe, og jobbar på Troll-feltet på oppdrag for Statoil.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.