Hopp til innhold

Reven klatrar vidare i USA

«The Fox» gjer endå eit hopp på Billboard-lista "Hot 100". No er songen inne på Topp 10 på verdas største hitliste.

Ylvis "The Fox"

NYTT HOPP: The Fox klatrar vidare på Billboard.

Foto: NRK/TVNorge

Det er magasinet Billboard sjølv som opplyser at brørne Bård og Vegard Ylvisåker frå Bergen klatrar frå 13. plass til 8. plass på lista over dei mest populære songane akkurat no.

Den siste veka har «The Fox» blitt lasta ned 71 000 gonger, og det er 21 prosent meir enn sist veke. Songen er streama 9,5 millionar gonger, som er ein auke på 34 prosent, ifølgje det amerikanske musikkmagasinet.

Superhiten er no vist om lag 79 millionar gonger på Youtube.

«The Fox» kom inn på Billboard-lista på 29. plass for tre veker sidan.

Veka etter klatra revesongen til 25. plass og deretter vidare til 13. plass. Ingen andre norske artistar har oppnådd ei slik plassering sidan A-ha toppa Billboard-lista med «Take On Me» i 1985.

Etter førre hopp på den amerikanske hitlista sa Ylvis-manager Jørgen Thue til NRK.no at det har vore ein enorm auke i pågangen frå inn- og utland dei siste vekene.

– Kvar morgon er det 150 nye mailar i innboksen, og slik held det fram utover dagen, sa Thue.

Les også:

Ylvis-videoen "The Fox" har blitt et internett-fenomen på bare tre dager.

Ylvis med verdssuksess