Hopp til innhold

Erkjenner ikkje skuld for drapet på sonen deira

Den 30 år gamle mannen som står tiltalt for forsettleg drap på Kai Albert Foss erkjenner ikkje skuld. Då rettssaka starta i dag kunne ikkje kriminalteknikarane svare på kven som stakk først i det fatale basketaket.

Marianne Foss og Albert Martin Foss

FAMILIEN TIL AVDØDE: Marianne og Albert Martin Foss i rettssalen måndag. Den 30 år gamle mannen som står tiltalt for å ha drepe sonen deira erkjenner ikkje skuld.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Schumann og Stolt-Nielsen i retten

RETTSSAK: Randulf Schumann Hansen (til venstre) forsvarar den tiltalte. Til høgre aktor Eirik Stolt-Nielsen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Klokka 09.30 opna dørene i Nordhordland tingrett. Den tiltalte vart eskortert i rettssalen av to politimenn før han sette seg på tiltalebenken. Han møtte auga til tilhøyrarane i salen då han kom inn.

På første benk få meter unna sit familie og foreldre til den avdøde Kai Albert Foss.

Beate Hamre er bistandsadvokaten til Marianne og Albert Martin Foss. Til NRK fortel dei at dei førebudd på det blir vanskeleg å følgja rettssaka.

Erkjenner ikkje skuld

Det var natt til 4. februar i år at Kai Albert Foss vart stukken med kniv og drepen utanfor ein kjellarbustad på Brattholmen på Stord.

Ein 30-åring står tiltalt for forsettleg drap, samt bruk av illegale rusmiddel.

På spørsmål frå dommar Karstein Rye i retten i dag erkjente han straffskuld for å ha brukt narkotika, men erkjenner ikkje skuld for drapet. Han har heile tida hevda at han handla i sjølvforsvar.

Marianne Foss og Albert Martin Foss

FØREBUDD: Foreldra Marianne og Albert Martin Foss var førebudd på ei tøff rettssak då NRK trefte dei heime før saka starta. Sonen deira vart drepen i februar i år.

Foto: Siri Løken / NRK

I retten seier forsvarsadvokat Randulf Schumann Hansen at saka handlar om naudverje. Han har kalla inn eit vitne, far til den tiltalte.

– Tok med seg kjøkkenkniv

Aktor Eirik Stolt-Nielsen starta innleiande prosedyre med å gjera greie for kva dei meiner skjedde den fatale natta i februar.

Ifølgje Stolt-Nielsen kan ein sjå på tekstmelding at Foss var sur for at sambuaren var lenge i bustaden til tiltalte. Då Foss henta bilen sin som stod parkert utanfor, rusa han motoren så kraftig at tiltalte vart forbanna.

– Tiltalte bad så om telefonnummeret til Foss. Seinare skal den tiltalte ha blitt truga av Foss med at han skulle drepe han. Det skal tiltalte forklare seinare, sa Stolt-Nielsen.

Trugselen skal ha ført til at den tiltalte tok med seg ein kjøkkenkniv, forklarar aktor vidare.

Stakk Foss i magen

Då Foss seinare returnerte til tiltaltes sin bustad, skal 30-åringen gått ut av leilegheita. Fordi det er glatt på bakken utanfor skal den tiltalte ha glidd inn i Foss, ifølgje aktor. Begge fell då om på bakken.

– Foss skal ha fått tak i kniven i basketaket som følgde og stakk den tiltalte i armen. Den tiltalte fekk tak i kniven og skal ha sjølv vore redd for å bli drepen. Difor stikk han Foss i magen, forklarte Stolt-Nielsen.

Artikkelen held fram under biletet

Politi ved åstedet på Sotra

KNIVSTUKKEN: Kai Albert Foss vart knivstukken i magen utanfor dette huset. Han døydde seinare på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Espen Hatlestad/NRK

Aktor seier det vil kallast inn eit vitne som bur i nabohuset. Vitne høyrde rusinga frå bilen og anna bråk, og skal også ha sett delar av hendinga.

– Hans forklaring samsvarar ikkje med den tiltalte si forklaring av kva som skjedde, sa Stolt-Nielsen.

Deretter skal 30-åringen ha forlate Foss på bakken, og møter på den avdøde sin sambuar.

– Den tiltalte seier til ho at han gjorde det i sjølvforsvar, sa Stolt-Nielsen.

Fann to knivar på åstaden

Kriminalteknikar Oddvar Moldestad fortalde om vanskeleg forhold på åstaden.

– Det var lite sikt og det regna, sa han og la fram bilete av åstaden som syner snø, is og vintermørke.

Det kjem fram at det er funne to knivar på åstaden. Den eine kniven var ein brødkniv på 26 cm. Politiet har sikra fingeravtrykk på bladet og skaftet, og undersøkingar syner at den hadde blodet til den tiltalte på seg.

Den andre kniven er ein kjøkenkniv. Den har i hovudsak blod av den drepne på seg, men også noko av tiltaltes blod.

Kripos har undersøkt stikksåret til Foss, og har kome fram til at såret ikkje er forårsaka med brødkniven men kan vere forårsaka av kjøkkenkniven, forklarar granskaren.

Veit ikkje kven som stakk først

Kriminalteknikarane meiner den tiltalte fekk skadane på armen utanfor bustaden. Dette fordi det er funne blodspor på ytterdøra sitt handtak. På t-skjorta og joggebuksa til tiltalte er det store mengder blod men alt er hans eige.

Nokre prøver syner blod og DNA av den tiltalte på avdøde Foss. Det kan bli viktig i spørsmålet om kven som stakk først.

– Men vi kan ikkje trekkje nokre konklusjonar om handlingsforløpet om kven som pådro seg skadane først. Det har vi ikkje grunnlag for, svara åstadsgranskaren på spørsmål frå forsvarar Randulf Schumann Hansen.

Fann narkotika i bustaden

30-åringen er også tiltalt for bruk av illegale rusmiddel. I bustaden hans fann politiet både metamfetamin og kokain. Kokainet låg på eit sjakkbrett på toppen av eit skap inne på kjøkenet, medan ein tom pose som hadde hatt metamfetamin i seg vart funne i søppelet. Dei finn også fem brukte sprøyter og andre rusmiddel.

Den tiltalte har erkjent straffskuld for bruk av narkotika

Tysdag skal retten på synfaring på Brattholmen. Då skal også naboar og vitne vere med.