Hopp til innhold

Rettssak utsett etter at politiet fann det viktigaste beviset

Den overgrepsdømde mannen vart tiltalt på nytt for å ha lasta ned overgrepsbilete, men politiet fann ikkje pc-en hans. Like før rettssaka kom den til rette.

Bergen tingrett oktober 2016

UTSETT: Måndag skulle den tidlegare politimannen møta til hovudforhandlingar i Bergen tingrett. Men funn av mannen sin PC gjorde at statsadvokaten utsette saka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Funnet av datamaskina viser eit større overgrepsmateriale som er lasta ned over eit lenger tidsrom, seier statsadvokat Benedicte Hordnes til NRK.

Den tidlegare overgrepsdømde mannen skulle i utgangspunktet møta i retten denne veka, tiltalt for å ha lasta ned overgrepsbilete like etter at han blei lauslaten på prøve.

No må statsadvokaten skriva ny tiltale og rettsaka få ny dato.

Berre veker før saka skulle gå for Bergen tingrett, fann politiet eit sentralt bevis som kan gjera mannen skuldig i fleire lovbrot.

Lasta ned overgrepsmateriale kort tid etter lauslating

Eks-politimannen er tidlegare dømt til ti års forvaring for produksjon av overgrepsbilete og grove seksuelle overgrep mot barn.

I september 2016 blei mannen prøvelauslaten under tvil med strenge krav. Etter kort tid i fridom blei mannen sikta for nye lovbrot.

Politiet meiner mannen lasta ned overgrepsmateriale over ein kryptert teneste, ved hjelp av ein PC som mannen ikkje opplyste kriminalomsorga om at han disponerte.

Mannen vart sikta etter straffelovas paragraf 311, og har sidan februar 2017 vore fengsla. Paragrafen gjeld framstilling av bilete som seksualiserer eller viser seksuelle overgrep mot barn.

Aktor Benedicte Hordnes i Monika-saken

STATSADVOKAT: Statsadvokat Benedicte Hordnes vil gå gjennom saka for å skriva ein tilleggstiltale etter funnet av mannen sin PC.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Hevda han leverte PC-en til gjenvinning

Men politiet klarte ikkje finna PC-en mannen nytta, trass i fleire ransakingar på mannen si bustadadresse.

Ifølgje fengslingsavgjerda frå tingretten i juni skal mannen ha forklart at han leverte PC-en som elektronisk avfall fordi den var defekt.

Mannen blei likevel tiltalt og rettssaka skulle byrja 18. desember. Berre veker før oppstart, dukkar PC-en opp.

Statsadvokat Hordnes vil ikkje kommentera korleis PC-en hamna hos politiet.

– Det er opplysingar eg verken kan eller vil kommentera. Det eg kan seia er at politiet har funne fleire bevis for at mannen har lasta ned overgrepsbilete i tidsrommet frå han blei lauslaten i september 2016 til han blei arrestert i februar i år, seier Hordnes til NRK.

Ny tiltale og ny rettssak

I staden for full rettssak, blei mannen måndag varetektsfengsla på nytt i Bergen tingrett. No har rettssaka fått ny dato, 13. februar neste år.

Advokat Ann Turid Bugge

FORSVARAR: Ann Turid Bugge er den tiltalte eks-politimannen sin forsvarar. Ho vil ikkje kommentera funnet av PC-en.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Advokat Ann Turid Bugge forsvarar mannen og viser til si teieplikt. Ho vil ikkje kommentera forholdet knytt til hennar klient i dag.