Hopp til innhold

Hotelldirektøren ble forsøkt drept med øks

I september i fjor blei Erik Fleischer Tønjum angripen med kjøttøks av ein kokk. I dag må den 51 år gamle gjerningsmannen møte i Nordhordland tingrett.

Erik Fleischer Tønjum

VART LETTARE SKADD: Hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum slapp frå økseangrepet med lettare skader. I morgon må gjerningsmannen møte i Nordhordland tingrett, tiltalt for drapsforsøk.

Foto: Vidar Herre / Avisa Hordaland

Den 51 år gamle kokken er tiltalt for overlagt drapsforsøk med kjøttøks på Fleischers Hotell på Voss. Dramaet føregjekk inne på kontoret til hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum, i september i fjor.

Den 45 år gamle hotellsjefen vart angripe av kokken, og kjøttøksa lagde eit fire centimeter djupt og tolv centimeter langt kutt i nakken på Fleischer Tønjum.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 10.00, og arresterte den brasilianske kokken rett etter. Tønjum vart sendt til sjukehus for behandling, men slapp med skrekken.

– Ikkje impulshandling

Statsadvokatane tok ut tiltale i februar og i dag byrjar rettssaka i Nordhordland tingrett.

– Vi meiner etterforskinga har avdekka at dette ikkje var ei impulshandling, men at det var eit drapsforsøk som blei gjort med overlegg. Bakgrunnen for angrepet var ei konflikt mellom mannen og leiinga på hotellet, sa statsadvokat Jan-Inge Raanes til NRK då tiltalen var klar.

Den tiltalte 51-åringen har tidlegare vedgått dei faktiske forholda. Ifølgje Bergens Tidende skal mannen ha tatt med øksa heimanfrå.

– Han har vedgått å ha hogd til hotellsjefen med ei øks. Men når det gjeld omstenda rundt dette, så vil vi legga fram vår vurdering i retten, seier forsvarar Miriam Grimstad.