Hopp til innhold

Resultatlaus leiteaksjon etter 58-åring: – Lite håp om å finna noko

Hovudredningssentralen avsluttar søket etter 58 år gamle Tom Fagerland. Sidan 2. november er det ingen spor. – Det er litt uvanleg, seier redningsleiaren i HRS.

Skyta Fram i Askvoll

INGEN SPOR: Treskøyta «Fram» blei sist observert 2. november. Sidan har ingen sett verken båten etter båtførar Tom Fagerland.

Foto: Trond Asperheim

Ingen har sett Tom Fagerland eller den 10 meter lange treskøyta hans sidan båten ved ein tilfelle blei fotografert ved Askvoll torsdag 2. november.

Laurdag gjekk politiet ut med namn og bilete av den sakna. 58-åringen er busett på Stord, og hadde reist til Sunnfjord for å kjøpa båten. Den siste sikre observasjonen blei gjort då båten passerte gjennom Granesundet i Askvoll. Sidan har ingen sett han.

Tom Fagerland

SAKNA: Det er 58 år gamle Tom Fagerland frå Stord som er sakna. Politiet gjekk ut med namn og bilete laurdag 11. november.

Foto: Stordnytt

Avsluttar etter omfattande leiteaksjon

Laurdag var elleve båtar, to fly og eitt redningshelikopter involvert i eit omfattande søk langs heile kysten frå Askvoll i nord til Stord i sør.

– Søket var heilt resultatlaust. Alle ressursane var dedikert til søket og me hadde godt trykk på aksjonen heilt til det blei mørkt. Hovudfokuset var på dei mest opne og utsette havstrekka, altså område der det er mest truleg at det kan ha gått gale, seier redningsleiar Andreas Bull i Hovudredningssentralen (HRS) Sør-Noreg.

Vêret den siste veka har vore preg av mykje vind og nedbør, og forholda har vore vanskelege. Redningshelikopteret og fly frå Kystverket og Bergen Aero Klubb klarte likevel laurdag å leggja bak seg dei områda redningsleiinga hadde peika ut som aktuelle.

– Isolert sett var søket ein suksess, men diverre med resultatlaust utfall. Med mindre det dukkar opp ny informasjon, vil me ikkje ta opp att søket. Til det blir eit søk for generelt, opplyser Bull.

58-åring savna til sjøs

Observerte liknande båt i Bergensfjorden

Redningsleiaren seier dei har snakka med mannskapet om bord dei mange lokale og regionale rutebåtane som trafikkerer kysten, men tilbakemeldinga er den same.

– Me har dokumentert kva båtar som gjekk i området då båten sist blei observert og snakka med svært mange båtar, men ingen har sett noko som helst. Me sender også ut melding over radio om at folk må vera merksame på treskøyter som liknar. Til no har me ingenting å gå etter.

Det einaste som kan minna om eit spor, er ein observasjon av ei treskøyte som passerte Sotrabrua i Hjeltefjorden sundag 5. november. Men det er ikkje gjort søk i dette området.

– Det er ikkje hundre prosent stadfesta at det er den sakna båten og meldinga tilsa at båten gjekk som normalt. Me har heller ingen bilete å samanlikna med. Fokuset har difor vore på ubebudde holmar langs utsette havstrekk.

Kor vanleg er det å stå utan spor etter ein større leiteaksjon langs ei såpass trafikkert kyststripe?

– Det er litt uvanleg. Me håpar framleis å få nokre spor som gjer at me kan halda fram søket, men akkurat no har me for få haldepunkt. Det er ikkje formålstenleg å bruka ressursane i eit så generelt søk. Området er for stort, og håpet om å finna noko er for lite.

Bilete av skuta Fram i Askvoll

SISTE OBSERVASJON: Båten «Fram» blei sist observert då han gjekk gjennom Granesundet i Askvoll.

Foto: Trond Asperheim