NRK Meny
Normal

Rema 1000 på nynorsk

No vert det "berre låge prisar" på Rema 1000 på Stord. Butikken vert i haust rein nynorsk-butikk. 

Foto: Rainer Prang / NRK

Før oktober skal alle skilta i butikken vera skifta ut frå bokmål til nynorsk.

Leiar av Noregs mållag, Hege Myklebust, seier det er viktig at nynorsken vert meir synleg.

- Det som er viktig, er at nynorskbrukarane får sjå sitt eige språk i bruk overalt, som når dei handlar - det som no på Rema 1000 på Stord vert - brød, mjølk og syltety.

Aksjon for butikk-nynorsk

Noregs mållag har denne hausten ein aksjon for å få nynorsk inn i daglegvarebutikkane.

- I dag står det meste på bokmål, det er "gryteretter" og det er "bare lave priser". Dei fleste store kjedane har materialet sitt på bokmål. Det har vi i mållaget tenkt å gjere noko med, så no set vi gang og prøver å påverke dei i haust. 

Butikksjef for Rema 1000 på Stord, John Ståle Eldøy, seier språkbytet ikkje vil koste særleg mykje.

- Det er ikkje rare greiene, og det er verd det.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.