Rekordvarme 23,8 grader i Bergen: – Måtte berre ut

Etter fleire omgangar med kraftig nedbør, fekk vestlendingar i dag ein skikkeleg sommardag – med varmerekord for oktober!

Malin Sparr Johnsen

FORNØGD: Malin Sparr Johnsen tok turen opp på Fløyen i glitrande finvêr.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

I ettermiddag blei temperaturen målt til heile 23,8 grader ved målestasjonen Florida i Bergen.

Det er den varmaste oktoberdagen i Bergen sidan målingane starta i 1905.

Hausten har så langt bydd på kraftige regnskurer og nedbørsrekord i september.

Tidlegare i veka fekk enkelte stader på Vestlandet over 110 millimeter nedbør, men torsdag snudde det altså.

– Bergen har vore heldig. Det er ikkje alle stader varmen har slått ned, men det har den altså gjort her, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Grete Bøe og Marit Sørhaug

PÅ TUR: Venene Grete Bøe og Marit Sørhaug kosar seg i oktobervarmen. Dei er på veg mot Fløyen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Varmt mange stader

Fleire stader i Hordaland har gradestokken vist over 20 grader torsdag.

Midt på dagen hadde Flesland 21,3 grader, Etne 21,1 og Austevoll 21 grader. Også på Stord kraup temperaturen så vidt over. Der synte gradestokken 20,9 grader.

Laster Twitter-innhold

Også fredag er det venta fint ver.

Martin Johan Rasmussen og Arthur Kleiveland

NYT DAGEN: – Vi har teke oss ein tur til byen for å sjå på folk. Nå er vi klare for ein tur på Bryggen, seier Martin Johan Rasmussen og Arthur Kleivland.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Vi toler jo litt

Dei to kompisane Martin Johan Rasmussen og Arthur Kleivland hadde teke turen ut for å kjenne på dei gode og varme solstrålane.

– Regnet har jo silt ned, det har ikkje vore eit menneske å sjå. Så kjem vi hit i dag og det er så varmt og fint. Det er ikkje plass på benkane ein gong, seier Martin Johan Rasmussen.

Og regnet dei siste vekene har ikkje tatt motet frå han.

– Vi toler jo litt vi bergensarar, så det har ikkje vore noko psykisk påkjenning. Men det har jo ikkje vore hyggeleg.

Kortvarig glede

Shortsveret blir ikkje langvarig for vestlendingane. Allereie til helga kjem det mykje nedbør inn over Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ifølgje Meteorologisk institutt kan det kome mellom 70 og 100 millimeter nedbør frå natt til laurdag og fram til måndag. Det er difor sendt ut farevarsel for flaum- og jordskred på gult nivå for Vestlandet.

Stader med over 20 grader på Vestlandet

Hordaland

Austevoll

21,8

Etne

21,7

Flesland

21,9

Slåtterøy

21,1

Stord lufthamn

21,1

Sædalen

22,0

Sogn og Fjordane

Bringeland

20,7

Furuneset Fjaler

21,3

Rogaland

Hjelmeland

20,4

Sola

20,9

Stavanger

20,2

Fister

20,6

Sauda

20,4

Vats i Vindafjord

20,4

Møre og Romsdal

Valldal

21,4

Linge

21,5

Bergen

KØ: Det var nærast kø i vegen opp mot Fløyen i Bergen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK