NRK Meny
Normal

Aldri før har Sivilforsvaret hatt meir å gjera enn i sommar

Ein heftig skogbrann-sommar førte til fleire oppdrag i juli enn i løpet av eit vanleg år.

Skogbrannøvelse på Notodden for Sivilforsvaret 2018

INTENST: Sivilforsvaret har hatt meir enn nok å gjera sommaren 2018. Her frå ein skogbrannøving på Notodden i juli 2018.

Foto: Kim Haugen / Sivilforsvaret

Det har med andre ord vore ein svært travel sommar for dei mange tusen i det norske Sivilforsvaret.

Hittil i 2018 har det vore 1866 brannar i innmark og utmark, noko som er fleire hundre fleire enn i 2017.

– Det spesielle i år er at skogbrannane har vore mange og har skjedd samstundes på fleire stader. Det har ført til at vi har vore nøydde til å hente ressursar frå til dømes Vestlandet og Nord-Norge til brannane på Austlandet, forklarer fungerande avdelingsdirektør Arnstein Pedersen i Sivilforsvaret.

30 prosent meir enn årssnittet

Nye tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gir nok eit innblikk i den enorme innsatsen som er lagt ned i norske skogar denne sommaren.

  • Sivilforsvaret har hatt innsats i 102 hendingar i juli, heile 86 av dei gjaldt skogbrannar.
  • 2 961 personar i Sivilforsvaret har vore i innsats i juli.
  • Totalt er det utført 54.098 innsatstimar i juli.

I heile 2018 har Sivilforsvaret til no logga 80.926 innsatstimar.

Til samanlikning er snittet dei siste åra 42.000 innsatstimar for eit heilt år. Med andre ord har Sivilforsvaret hatt 28 prosent meir innsats enn snittet, berre i juli 2018.

– Eg er stolt og takknemleg for innsatsen som tenestepliktige kvinner og menn, samt fast tilsette i Sivilforsvaret, har lagt ned i forbindelse med alle skogbrannane i sommar, seier DSB-direktør Cecilie Daae i ei pressemelding.

Laster Highcharts-innhold

Flest i Telemark og Buskerud

Sivilforsvaret har hatt personell i skogbranninnsats kvar einaste dag i juli. I tillegg kjem innsatsen som blir lagt ned i etterkant av brannane.

Det tærer på kreftene til mannskap, der mange har jobb ved sidan av.

– Den siste månaden har vi vore nøydde til å bruke dei ofte. Det er klart det går ut over mannskapa, både privat og i forhold til jobb, sa fungerande distriktssjef Eivind Hovden i Sivilforsvaret Hordaland til NRK i juli.

Sivilforsvaret pumper opp vann

RYDDING: Jobben er ikkje over før det er rydda. Det gjeld også i Sivilforsvaret. Her frå oppryddinga etter ein skogbrann på Osterøy i Hordaland.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Flest innsatsar har Sivilforsvaret hatt i Telemark og Buskerud (sjå tabell i botnen av saka).

Grunna ferietida har det vore behov for å flytte mannskap på tvers av distrikta og fylkesgrensene for å hjelpe til med sløkking.

– Tilbakemeldingane er at dei tenestepliktige mannskapa våre er pålitelege og gjer ein solid jobb, skryt Daae i DSB.

Sivilforsvaret sin innsats i juli 2018

Distrikt

Tal på oppdrag

Telemark

16

Buskerud

14

Hedmark

10

Oslo og Akershus

9

Hordaland

8

Aust-Agder

7

Rogaland

7

Østfold

5

Oppland

5

Nordland

4

Sør-Trøndelag

4

Vestfold

3

Aust-Finnmark

3

Sogn og Fjordane

2

Troms

2

Vest-Finnmark

2

Nord-Trøndelag

1

Totalt

102

Brannmannskaper i Birkenes.

AKSJON: Sivilforsvaret i aksjon under ein skogbrann i Birkenes i slutten av juli.

Foto: Kai Stokkeland / NRK