Hopp til innhold

Rekordpågang av ofre etter overgrep: – Fleire treng hjelp etter festvaldtekt

BERGEN (NRK): Ressurssentera i Bergen og Oslo har aldri hatt så stor pågang som i fjor. I år fortset pågangen.

Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Hordaland

TRAVELT: Kvar veke kjem det så mange nye personar til ressurssenteret i Bergen at dei måtte bygge om til nye samtalerom for å ta unna pågangen.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

– Me ser at 2016 er det året som har vore travlast for oss. Det er spesielt i haust, og no vidare utover våren at me har opplevd ei stor auke, seier Grace Ellen Gjuvsland, dagleg leiar for Senter mot incest og seksuelle overgrep (Smiso) i Hordaland.

Senteret er ein stad der personar som har opplevd seksuelle overgrep kan få oppfølging og støtte.

Ifølgje dei to sentra for overgrepsoffer i landets to største byar, fortset den store pågangen i år.

Og dei som søker hjelp er yngre enn tidlegare.

– Det er fælt at det kjem så mange nye brukarar. Men når det først er så mange som opplever seksuelle overgrep, er det bra at dei kjem til oss, seier Linda Nordrik, fagleg rettleiar ved Smiso.

Fleire har opplevd festvaldtekter

I fjor kom det 178 nye brukarar til ressurssenteret i Hordaland. Det er 50 fleire enn året før. I tillegg hadde senteret 400 fleire besøk i 2016 enn i 2015.

– Tradisjonelt sett har med på Smiso stort sett hatt saker som dreier seg om incest eller seksuelle overgrep i nære relasjonar. Men i fjor såg me ein stor auke i personar som vil ha hjelp etter festvaldtekter, seier Nordrik ved Smiso.

Grace Ellen Gjuvsland

STOR PÅGANG: Grace Ellen Gjuvsland ved Smiso-senteret i Bergen.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

I Bergen kjem det så mange nye brukarar til senteret at dei tilsette ved ressurssenteret bruker alt av ledig areal for å kunna ta imot alle som ønsker hjelp.

– Me ser at trass i at me har veldig nytt senter, har me for få samtalerom til å dekka etterspurnaden. Så det har ført til at me har måtta bygga om, seier dagleg leiar Gjuvsland.

Pågangen held fram

Også på Dixi ressurssenter for valdtekne i Oslo var pågangen i 2016 rekordstor, med ein auke på 36,6 prosent fleire nye brukarar.

– Hovudtyngda er relativt unge jenter i starten av 20-åra. Dei fleste har vore utsett for ein valdtekt, og for dei fleste er det ei god stund tilbake i tid, seier dagleg leiar Rannveig Kvifte Andresen.

Rannveig Kvifte Andresen

Rannveig Kvifte Andresen, dagleg leiar ved Dixi Oslo.

Foto: Fouad Acharki / NRK

– Og så har dei kome til eit punkt i livet kor dei ser at "no må eg har nokon å snakka med, for no taklar eg ikkje livet slik eg kunne ønska at eg takla det".

På landsbasis går talet på førespurnad til Smiso-sentra ned. Men landsstatistikken skil ikkje mellom kva som er nye brukarar og kor mange som fysisk oppsøkjer sentra.

Den store pågangen i dei to største byane i landet held fram i 2017.

– Eg vil gjetta på at totalen for 2017 vil koma omtrent på 2016-nivå, som jo er ein veldig stor mengde brukarar, seier Andresen.