Rekordoppmøte i Fjelberg kraftlag
851 av dei 1149 medlemmane i samverkeselskapet Fjelberg kraftlag er representerte på det ekstraordinære årsmøtet som skal seia ja eller nei til omdanning til aksjeselskap. Det er strid om selskapet etter ein fusjon med Haugaland Kraft kan utbetala heile verdien på 310 mill kr til medlemmane på deling. Fleire hundre eigarar fekk ikkje plass i salen.