Rekordmange sykla under VM

Aldri før har så mange sykla til jobb i Bergen sentrum som under sykkel-VM. Dei fleste dagane passerte godt over 5000 syklistar teljepunkta i Sandviken, Solheimsviken og på Puddefjordsbroen. Samstundes vart biltrafikken inn til sentrum halvert. Toppdagen var måndag 18. september med totalt 6383 passeringar, som er all time high, skriv BT.