Hopp til innhold

Rekordmange vil stemme ved skulevalet i år

Valet i den vidaregåande skulen kan gi ein viktig peikepinn på korleis det ordinære valet vil gå. I år er det nærare 200.000 ungdommar som skal stemme ved skulevalet.

SJÅ REPORTASJE: Det vart arrangert debatt ved Garnes vidaregåande skule i Arna i Bergen i dag. I morgon kjem nærare 200.000 elevar til å stemma ved skulevalet.

Vallogo

I år er skulevalet friskare og større enn nokosinne. Rekordmange elevar ved vidaregåande skulane i landet skal i morgon gi si stemme. Totalt er det nærare 200.000 elevar som deltek.

– Eg var litt usikker før eg kom her, men no veit eg kva eg skal stemma, seier Inger Mari Nord.

– Skulevalet betyr mykje. Me blir engasjert i kva me bør stemma på, seier Åshild Bruvik.

Begge er elevar ved Garnes vidaregåande skule i Arna i Bergen. Førre veke deltok dei på skuledebatt der fleire parti var til stades for å fortelja kva saker dei vil kjempa for.

– Imponert

Tysdag skal dei og nær 200.000 andre stemma. Resultatet frå dei første skulane tikkar inn i 17.00-tida på ettermiddagen. Klokka 20.00 er heile resultatet frå årets skuleval, som er det 15. i rekka, klart.

Engasjementet hjå ungdommen varmar administrerande direktør Bjørn Henrichsen i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU). Han var med å starta skulevala på 1980-talet.

– Eg er veldig imponert over dei unge. I dag var det seriøs debatt. Og skulevalet er ein del av valet. Alle ventar på resultata frå ungdommen når dei no kjem på tysdag, seier Henrichsen.

Skulevalet gir peikepinn

Stipendiat Julie Ane Ødegård ved institutt for samanliknande politikk ved UiB har gjort feltarbeid i den vidaregåande skulen, knytt til skulevala. Utviklinga i skulevalet gjeld ikkje berre debattane og resultata.

– Sidan 2011 har det også blitt gjennomført valtorg på skulane, der ungdomspolitikarar kjem og kan møte elevar og fortelje om sin politikk.

– Resultata frå skulevalet har hatt ein tendens til å sei kor valvinden bles. Vi såg at både Høgre og Arbeidarpartiet gjorde gode val sist. I år ser vi kanskje at MDG vil gjera eit godt skuleval, spår Ødegård.