Hopp til innhold

– Dette påverka ikkje valresultatet

Aldri før har så mange førehandsrøyster kome for seint og blitt forkasta som ved årets val. Likevel har Riksvalstyret i dag godkjent resultatet.

Makulerer forhåndsstemmer

MÅTTE MAKULERAST: 1653 førehandsrøyster kom for seint om måtte forkastast.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Til saman har Kommunaldepartementet registrert 1653 røyster som nådde tellekorpsa for seint. Ved valet i 2011 kom om lag 1000 røyster for seint inn, og i 2009 måtte i underkant av 700 røyster forkastast.

Likevel meiner Kommunaldepartementet at valresultatet ikkje blei påverka av at så mange røyster blei forkasta.

«Departementets beregninger viser at det ikke ville hatt noen innvirkning på utfallet av valget om de sene forhåndsstemmene ble talt med», skriv avdelingsdirektør Hans Petter F. Gravdahl i ei utgreiing til Riksvalstyret.

Riksvalgstyret har representantar frå alle parti på Stortinget. På møtet i dag godkjende dei valresultatet og gjorde følgjande vedak:

«Riksvalgstyret slutter seg til departementets vurdering av at for sent ankomne forhåndsstemmer ikke har påvirket utfallet av valget.»

Sterke reaksjonar

Til saman førehandsrøysta 96 795 personar i år i ein annan kommune enn dei høyrer heime i.

I dagane etter valet kunne NRK fortelja at hundrevis av førehandsrøyster gjekk rett i søpla, fordi dei var komne inn for seint.

Terje Knutsen

KOM MED KRITIKK: Valobservatør og -forskar Terje Knutsen ved Universitetet i Bergen er svært kritisk til at så mange røyster måtte forkastast.

Foto: UiB

Dette førte til sterke reaksjonar frå både lokale valstyrer og valekspertar.

– Likande funn i andre land ville ført til ein stor svart flekk i ein valobservatør-rapport, sa forskar Terje Knutsen ved Universitetet i Bergen. Han utdannar valobservatør og har vore det sjølv.

Også stortingskandidatar reagerte på at så mange røyster blei forkasta.

Flest i vest

Tala frå kommunaldepartement viser at det er dei store fylka på Vestlandet som hadde flest for seint innkomne førehandsrøyster.

I Hordaland måtte 212 røyster forkastast, i Rogaland 184. Vidare på lista følgjer Akershus med 183 og Oslo med 166.

Til saman har 376 kommunar svart på rundspørjinga til Kommunaldepartementet. Av desse hadde fleire enn halvparten motteke førehandsrøyster for seint.

– Tala er for høge

Til møtet i Riksvalstyret torsdag skriv Kommunaldepartementet: «Det er departementets vurdering at antallet sene forhåndsstemmer ved dette valget er for høyt».

Dei fleste kommunar har sendt førehandsrøystene med A-post slik dei skal gjera. I fylgje Posten har ikkje alle sendingar vore pakka og adressert på rett måte.

Departementet meiner også at bod- og ekspresslevering i større grad må nyttast for å halda tidsfristane.

Vil vurdera ordninga

Før neste val skal Kommunaldepartementet vurdera endringar i rutinane. Både tidsfristane for å førehandsrøysta og for innsending skal vurderast.

Dei skal også sjå nærare på rutinane for å senda førehandsrøyster mellom kommunar.

Likevel trur ikkje departementet at det er mogleg å gjennomføra valet heilt feilfritt: «Når så mange stemmer skal håndteres vil feil skje», skriv dei i brevet til Riksvalstyret.