Hopp til innhold

Rekordmange har førehandsstemt i Bergen

Nær 40.000 bergensarar har stemt på førehand til kommunevalet i år.

Valgurne

Det er mange i Bergen som har bestemt seg tidleg for kva dei vil stemma ved kommunevalet i år. Kommunen trur over 40.000 har førehandsstemt når fristen går ut fredag kveld. Måndag 14. september er ordinær valdag.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Vallogo

Før den ordinære valdagen 14. september har folket hatt moglegheit til å førehandsstemme ein rekke stader. I Bergen er det 18 stader ein kan førehandsstemme, i tillegg til at representantar for kommunen reiser rundt på sjukeheimar og andre institusjonar for å hente inn stemmer.

– Førehandsstemminga stenger klokka 20.00 fredag. Og det er veldig mange som har allereie har gått til urnene for å gi si stemme, seier valansvarleg Elin Solberg i Bergen kommune.

Fram til klokka 13.00 i dag ligg talet på total 35 713 førehandsstemmer til Bergen, pluss 3835 som har førehandsstemt til andre kommunar i landet.

Rekord

Ved førre kommuneval i 2011 var det ca. 30.000 som hadde førehandsstemt når valurnene stengde.

– Så tendensen frå tidlegare val held fram. Fleire og fleire stemmer på førehand. I år trur eg vi vil passera 40.000 førehandsstemmer i Bergen, seier Solberg.

Ho viser til at det alltid er mest trykk dei to siste dagane ein kan stemme på førehand.

Valgansvarlig Elin Solberg i Bergen kommune

Valansvarleg Elin Solberg i Bergen kommune.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kan stemme på Haukeland

Bergensarane har hatt moglegheita til å førehandsstemma ved mange kjøpesenter i byen, mellom anna på Lagunen, Sletten, Øyrane Torg og IKEA. Lagunen er ein av dei stadene der flest har stemt på førehand.

Fredag vil representantar frå kommunen vitja Haukeland sjukehus, for å gi folk som er innlagd der moglegheita til å stemma.

– Dei treng ikkje meir enn legitimasjon så kan dei gi si stemme. Når vi har besøkt Haukeland har vi vore rundt på totalt 90 institusjonar i kommunen.

Du kan førehandsstemma fram til fredag klokka 20.00, elles må du venta til den ordinære valdagen måndag 14. september.