NRK Meny
Normal

Rekordmange besøkande

Morellfestivalen på Lofthus i Hardanger er i full gong. Laurdag er det duka for NM i morellsteinspytting.

Morellfestivalen

Bjørn Jensen opnar spyttekonkurransen.

Foto: privat

Morellfestivalen i Hardanger vert arrangert for 14. gong i helga. Festivalen byr på alt frå stand up og handverkstorg til auksjon og konsertar.

Men høgdepunktet finn stad på laurdag. Då er det NM i morellsteinspytting.

- Me byrjar å få dreisen på det

- Både fredag og laurdag har det vore veldig mykje folk her. Det er kjempegod stemning, seier ein av arrangørane, Fredrik Opedal.

Etter 13 år med strålande sol under festivaldagane har Morellfestivalen i år måtte tåle nokre regndråpar under feiringa. Likevel har det vore rekordmange besøkande.

- Det er jo utruleg kjekt, seier Opedal.

Morellfestivalen
Foto: privat

Morellsteinspytting

NM i morellsteinspytting er eit av høgdepunkta på festivalen. I år har omlag 100 personar delteke fordelt på klassane herre, dame og junior. Mest spanande er det i herreklassen for der har ein av deltakarane, Sverre Kleivkås, noregsrekorden på 14 meter og 26 centimeter.

Morellfestivalen

Folk samla seg rundt spyttebana for å fylgje NM i morellsteinspytting.

Foto: privat

- Eg går med ein morellstein i munnen konstant i førekant av mesterskapet for å førebu meg, seier Kleivkås.

Det viktigaste for å bli ein dugande morellsteinspyttar er i fylgje Kleivkås god lungekapasitet. For å få steinen lengst mogleg må ein krølle tunga og legge steinen midt på tunga slik at den får litt fart.

- Og så sender ein steinen avgarde med heile kroppen, seier Kleivkås.

Kleivkås vann også årets spyttekonkurranse med lengste spytt på 11 meter og 82 centimeter.

Festivalen held fram til søndag kveld.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit