Rekordlange køar for valdsoffer – risikerer to års venting på erstatning

BERGEN/VARDØ (NRK): På under eit år er erstatningskøen for valdsoffer meir enn dobla. – Hadde eg visst kor tøft dette var, tvilar eg sterkt på at eg hadde søkt.

Montasje valdsoffererstatning

SLÅTT OG SPARKA: Kvinna i 40-åra blei utsett for fysisk og psykisk vald av sin tidlegare sambuar. – Eg var ein kombinasjon av terapeut, omsorgsperson og offer. Det var ein situasjon det blei svært vanskeleg å koma seg ut av, fortel kvinna i 40-åra.

Foto: Privat / NRK

På eit advokatkontor i Bergen ser ei kvinne i 40-åra gjennom bilete ho sjølv har tatt.

Dei viser merker på armar og bein og blå auge etter slag mot hovudet.

Bileta er ein del av materialet ho sende til Kontoret for valdsoffererstatning (KVE) i september 2017. Då fekk vestlandskvinna oppgitt ei behandlingstid på under seks månader.

I oktober i fjor fekk ho beskjed om at ho truleg må venta i to år.

– Viss eg hadde visst korleis denne prosessen var, tvilar eg sterkt på at eg hadde gjort det igjen. Det har vore ekstremt krevjande å gå gjennom papira, bileta og heile prosessen på nytt, for deretter å få vita at ventetida er så lang.

Kvinna er langt frå åleine.

Skader voldsoffer

BLÅMERKE: Kvinna i 40-åra frå Vestlandet seier det har vore opprivande å sjå gjennom bilete og lesa politiavhøyr i samband med søknaden om valdsoffererstatning. – Blåmerkene er ingenting. Det er merka på sjela som er vanskelege å få bort.

Foto: Privat / Montasje

– Manglar ressursar

På berre eitt år er ventetida ved KVE meir enn dobla. Den er no opp til to år.

– Me har aldri hatt ein så mange uferdige saker som det me har i dag, seier fungerande direktør Terje Kofoed.

Kontoret har over 4500 saker i bunken med saker som ikkje er ferdig behandla. Sakene kunne dei ha behandla dersom dei hadde hatt fleire ressursar.

– Dette går ut over søkarane, seier Kofoed.

Prioriterer saker med dom

Kvinna frå Vestlandet vart utsett for grov vald frå ein tidlegare sambuar i åra mellom 2011 og 2013. Slag, spark, trakassering og trugslar om at mannen skulle ta hennar og sitt eige liv, prega kvardagen.

I politiavhøyr vedgjekk mannen at han hadde vore valdeleg mot kvinna, men saka blei til slutt likevel lagt bort.

I fjor haust fekk KVE instruks om å prioritera saker som har enda med dom.

Instruksen førte til at saker som har blitt lagt bort, som i vestlandskvinna sitt tilfelle, får lågare prioritet.

– Du føler du blir sett til side av det samfunnet du treng hjelp av, og det er veldig tungt.

Kristine Aarre Hånes og voldsoffer

ADVOKAT: Bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes representerer rundt 30 kvinner som ventar svar på sine søknader om valdsoffererstatning. – Det er uverdig at dei må venta så lenge.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Indignert og flau

– Eg blir både indignert og flau over at me har eit så ineffektivt system, seier bistandsadvokaten til kvinna, Kristine Aarre Hånes.

Ho representerer rundt 30 klientar som ventar svar på søknader om valdsoffererstatning.

– Det er uverdig at dei må venta så lenge. Ein risikerer at fleire lar vera å søka på grunn av den lange saksbehandlingstida. Mange slit også økonomisk fordi dei har store utlegg, til dømes til behandling, seier Hånes.

Då NRK omtalte den aukande ventetida i oktober i fjor, estimerte KVE at ventetida var opp mot eitt år. Ved årsskiftet er ventetida for nye saker opp mot to år.

– Me ventar to års saksbehandlingstid på dei vanskelegaste sakene, seier Kofoed.

Dei siste åra har kontoret fått reduserte løyvingar over statsbudsjettet.

Dermed har det blitt færre juristar til å behandla dei mange tusen søknadene.

Ubehandla saker ved Kontoret for valdsoffererstatning

Per 31.12.

Ikkje klare til vedtak

Klare til vedtak

Sum restansar

2018

1741

2827

4568

2012

2594

1013

3607

2013

1877

598

2475

2014

1432

228

1660

2015

1461

190

1651

2016

1755

229

1984

2017

1900

1289

3189

Kjelde: Kontoret for valdsoffererstatning

Departementet tek grep

– Situasjonen er uhaldbar, seier statssekretær i Justisdepartementet, Torkil Åmland (Frp).

I starten av desember fekk KVE instruks å tilsetta fleire juristar, og det er no lyst ut fleire stillingar.

– Målet er å få inn fem-seks ekstra juristar øyremerkte for å bygga ned restansane. Saksbehandlingstida må ned på eit akseptabelt nivå.

– Kvifor har løyvingane til kontoret gått ned medan restansane har bygd seg opp?

– Løyvingane har vore ekstraordinært høge etter 22. juli i 2011. Etter kvart er løyvingane tekne ned på eit meir normalt nivå, men dette er alltid ei vurdering me gjer i budsjettprosessane. Me vil igjen sjå på løyvingane i neste runde.

Advokat Kristine Aarre Hånes og voldsoffer

BILETE: Kvinna og bistandsadvokat Kristine Aarre Hånes ser gjennom bileta kvinna har tatt etter valdsepisodar. – Eg tok ikkje biletet etter det første angrepet. Det var nærast eit drapsforsøk. Eg hadde ikkje klart å oppleva det igjen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK