Rekordhøge straumprisar

Ikkje sidan 2003 har straumprisane vore høgare enn dei er no.

Kraftledningar
Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Stort forbruk og lite snø i fjellet er nokre av årsakene til at straumprisen er høgare enn på mange år.

Brukar mykje i kulda

- Sist veke var det heile fem til ni grader kaldare enn normalt, og difor er forbruket høgt, seier Marit Lundteigen Fossdal i NVE.

Dette er ein av grunnane til at ein no opplever dei høgaste straumprisane på fleire år.

Faktisk må ein tilbake til 2003 for å finna sist straumkundane måtte betala så mykje for elektrisiteten som i dag.

Kan stiga meir

I tillegg til høgt forbruk har det vore lite snø i fjellet. Dette gjer at vassmagasina inneheld mindre vatn enn det som er vanleg.

Håkon Knudstad meklar straumprisar i selskapet Bergen Energi. Dei forventar at me må rekna med at straumprisane vil forbli høge, og kanskje endå høgare enn i dag i tida framover.

- Kanskje vil dei også stiga, seier han.

Siste video

Det topp moderne «Dr. Fridtjof Nansen» skal kartlegge hva som finnes av ressurser langs kysten av Afrika.
Se dagens utgave av Vestlandsrevyen.
Et helikopter ble sendt opp for å ta bilder av skredfaren i fjellet.