NRK Meny
Normal

Rekordhelg for Pepperkakebyen

Mellom 8.000 og 10.000 var innom Pepperkakebyen i Bergen i helga.

Pepperkakebyen opplever rekordbesøk.

PEPPERKAKEBYEN: I helga besøkte mellom 8.000 og 10.000 personar byen, som er den største i sitt slag i Noreg. Se intervjuet med dagleg leiar i Bergen sentrum AS, Steinar Kristoffersen.

Sidan 1991 har Pepperkakebyen i Bergen vore den største i sitt slag i Noreg. Sidan byen opna for 24. gang i år har rekordmange vore innom den populære byen som i år blei bygd opp i Sentralbadet.

Steinar Kristoffersen i Pepperkakebyen

FORNØGD: Pepperkakeby-sjef Steinar Kristoffersen såg i helga besøkstala krype langt over tidlegare rekordar.

Foto: Tim Christian Wassmo

– I helg var mellom 8.000 og 10.000 personar innom. Me har aldri hatt så mykje besøk på ein laurdag eller søndag før, seier sjef for byen og dagleg leiar i Bergen sentrum AS, Steinar Kristoffersen.

LES OGSÅ: Pepperkakebyen blir til i et svømmebasseng

– Svært gledeleg

Pepperkakebyen opna i år 22. november. I den andre opningshelga kvart år ligg vanlegvis talet på besøkande på kring 6.000.

– Det har starta veldig bra. Me vil jo at flest mogleg skal oppleve Pepperkakebyen som er blitt ein stor førjulsattraksjon for mange, seier Kristoffersen.

– Det er gledeleg at så mange tek turen.

Pepperkakebyen 2014 bygges i Sentralbadet. Se hvordan det ser ut mens byen bygges.

Bli med inn bak kulissane i Pepperkakebyen i Bergen.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017