Hopp til innhold

2014 kan bli nok eit rekordår for Trolltunga

– Folk strøymer frå heile verda for å gå turen. Det er veldig positivt for reiselivsnæringa, men det gir nokre utfordringar også, seier Hans Jørgen Andersen i Reisemål Hardanger Fjord.

Trolltunga

REKORDÅR: I 2013 talde Statens naturoppsyn over 20 000 besøkjande på Trolltunga, ny rekord er venta i år.

Foto: Hanne-Marthe Hellevik

– Me får tilbakemeldingar frå folk frå Japan, Canada, Korea og andre land om at dei kjem til Noreg berre for å gå Trolltunga, fortel Andersen.

Og 2014 ser ut til å bli eit nytt rekordår på Trolltunga. Besøkstal i juni viser ei stor auke samanlikna med juni i fjor.

Meir enn dobla besøkstala

Ifølgje Andersen er det fleire grunnar til at det har vore ei stor auke i talet på besøkande.

– I 2010 byrja «Reisemål Hardangerfjord» bevisst å bruke Trolltunga som hovudmotiv i all marknadsføring. Tanken bak var å få større merksemd i inn- og utland.

Han legg til at også i generell marknadsføring av Noreg er det fleire som brukar den populære turen som lokkemiddel for turistar.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Turforslag - Trolltunga» i nytt vindu



Og marknadsføringa har fungert godt. Talet på bilar som har parkert i Skjeggedal, der turen startar frå, har meir enn dobla seg frå i juni i fjor. Talet på bilar i juni 2012 var 350, medan det i juni 2014 stod 2000 parkerte bilar ved starten av turen.

Også talet på heildagsturen «Himmelstigen via ferrata» med guide har hatt ei enorm auke. I juli 2012 var det 20 personar som gjekk denne turen, medan det i juli 2014 var 650 personar, fortel Andersen.

Alternativ nedtur

Zip line

ZIP LINE: For dei meir eventyrlystne kan ein fire seg ned 600 meter i ei line under Trolltunga.

Foto: Opplev Odda

I fjor kom også eit nytt tilbod for dei litt meir eventyrlystne fjellgåarane.

– Dette var noko me fekk i fjor, og det har absolutt bidrege til at fleire tek turen hit, fortel Andersen.

Med ein guide kan ein gå turen opp frå Skjeggedal og under Trolltunga kan ein fire seg ned att 600 meter.

– Det går ganske fort, så det er kanskje litt for skummelt for somme av oss, men det er blitt veldig populært, fortel Andersen.

Fleire folk gjev utfordringar

Jostein Soldal

SOMME UTFORDRINGAR: Jostein Soldal, leiar i OpplevOdda, fortel at auka besøkstal også gir utfordringar.

Foto: Egil Torheim / NRK

Ifølgje Jostein Soldal, leiar i OpplevOdda, gir auka besøkstal gode ringverknader for Hardanger og Vestlandet, men og nokre praktiske utfordringar som må løysast.

– I hovudsak er det logistikkutfordringar. Det er klart at med så mange besøkande trengst det utvida parkering og ikkje minst overnattingsplassar. Men me prøvar å løyse dette på best mogeleg måte. Det er mellom anna sett opp ei eiga bussrute om sommaren.

– Men det er klart, dette er jo eit luksusproblem. Alt i alt er me særs nøgde for at så mange ynskjer å kome hit, seier Soldal nøgd.