Hopp til innhold

Bringebærsesongen kan snart vere over

Ein fin vår og ein svært varm juli gjer at fleire bærsortar kjem 2–3 veker tidlegare enn normalt, samtidig som at sesongen blir ferdig tidlegare enn vanleg. Det kan få store konsekvensar både for bærprodusentane og vanlege bærplukkarar.

Bær Arne Unneland

TIDLEG: – I år plukka vi dei fyrste korgene den 7. juli. Medan i fjor var dei første røde bæra modne den 27. juli, seier bærprodusent Arne Unneland.

Foto: Marita Skeie / NRK

Bringebærprodusent, Arne Unneland er overraska over kor tidleg bringebærsesongen starta i år.

– I år plukka vi dei fyrste korgene den 7. juli og i fjor så var dei første røde bæra ikkje før den 27. juli, seier Unneland.

Dette er ei skilnad på rundt tre veker. I fylgje Unneland brukar fleire å kjøpe bringebær etter fellesferien, men i år kan det vera for seint.

– Det kan hende at folk får ei overrasking når dei ser at bringebæra er så tidlege som dei er i år, seier Unneland.

Fin vår og varm juli

Bringebær

BRINGEBÆR: bringebærsesongen kan vera ferdig allereie om 2–3 veker.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Det har vore ein så fin vår og varm juli, at dei fleste bærtypane kjem 2 til 3 veker før eit normalt år, seier Anita Sønsteby, forskar i Bioforsk.

Ho fortel at jordbærsesongen snart er over og at bringebærsesongen kan vera ferdig allereie om 2–3 veker. Om ein skal plukka blåbær og molter, kan det gjerast allereie no.

– Det er nok eit rekordår vi ser no. Overalt i landet er bærmodninga 10–20 dagar tidlegare enn vanleg, seier Sønsteby.

Bæra vert moden raskare

Den tidlege modninga kan få store konsekvensar for bærprodusentane.

– Dei som er avhengig av plukkehjelp og som ikkje har fått føresett at dei trengde plukkehjelpa så tidleg, kan få eit problem sidan bæra vert moden så raskt, seier forskaren.

– Det er varmen i juli som har gjort at bæra vert moden raskare. Då får ein meir bær i marknaden samtidig, sånn at prisane og kan bli påverka, seier Sønsteby.

Unneland er klar på kva han synest om den tidlege modninga.

– For min del kunne den ha kome noko seinare, for no vert det veldig hektisk, seier Unneland.