Hopp til innhold

Reker er dyrast på Fisketorget i Bergen

Ferske reker i Bergen kostar dobbelt så mykje som i Tromsø. Større frakteavstand er ifølgje torgsjefen forklaringa.

Reker på Fisketorget i Bergen

NESTEN 300 KR. KILOEN: 1/2 kilo ferske reker kostar 149 kroner på Fisketorget i Bergen. Dermed kostar 1 kilo ferske reker omtrent 300 kroner.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Dan Even Fjellskål

FISKEHANDLAR: Dan Even Fjellskål er fiskehandlar på Fisketorget i Bergen. Fjellskål meiner kvaliteten på rekene til nesten 300 kroner kiloen er den aller beste.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Fisketorget i Bergen er omdiskutert fordi folk meiner det er for dyrt. No viser det seg at fiskehandlarane her har dei høgste rekeprisane i landet.

Fiskeribladet Fiskaren har reist rundt i landet og samla inn rekerprisar, og i Bergen kosta ferske reker 300 kroner kiloen. Det er dobbelt så mykje som i Tromsø.

I Mathallen i Oslo og Ravnkloa i Trondheim er kiloprisen på reker 249 kroner, noko som er 50 kroner billigare enn på Fisketorget i Bergen.

Mindre tilgjengelegheit og dårleg rekefiske på Sørlandet er det ein fiskehandlar på Fisketorget i Bergen forklarer dei høge prisane med.

– Rekene eg har no kjem frå Finnmark og då seier det seg sjølv at fraktprisane blir ganske høge, seier fiskehandlar Dan Even Fjellskål til NRK.

– Rekene eg får frå Finnmark er av den beste kvaliteten me har hatt heile sesongen. Når folk får smaka dei rekene der seier dei som oftast ikkje noko på prisen, legg Fjellskål til.

Ferske reker kostar 300 kroner kiloen på Fisketorget i Bergen. Det er dyrast i landet.

VIDEO: Bli med til Fisketorget i Bergen.

– Mange som reagerer på prisane

Fisketorget er ein stad mange turistar som besøker Bergen tar ein tur innom. Både norske og utanlandske turistar reagerer på kiloprisen på reker.

– Det er jo dyrt, men dei er gode, seier svenske Peder Hörnell som er på ferie i Noreg.

– Er det heilt greitt å betala 300 kroner kiloen då?

Peder Hörnell

OK PÅ FERIE: Svenske Peder Hörnell synest eigentleg at 300 kroner kiloen for ferske reker er for dyrt, men kjøper det likevel når han er på ferie.

Foto: Christine Kongsvik / NRK
Sigbjørn Halsøy

FORT DYRT: Sigbjørn Halsøy synest rekene er for dyre på Fisketorget i Bergen og handlar ikkje der.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Nei, men eg er på ferie no, så då er det ok, ler han.

Sigbjørn Halsøy vil ikkje kjøpa reker til 300 kroner kiloen.

– Det høyrtes usedvanleg dyrt ut, Det kjøper ikkje eg i alle fall, seier Halsøy.

Sjølv om kvaliteten ifølgje fiskehandlaren er den beste vedgår han at han opplever at nokre kundar reagerer på prisen.

– Det er veldig mange som reagerer på prisane, men me er nødde til å selja dei for den prisen for å tena nok pengar på dei, seier Dan Even Fjellskål.

LES OGSÅ: Kan bli rekerekord i sommer | - Ingen grunn til å klage over rekeprisene | Sto en time i kø for å kjøpe reker

– Handlar om å tappa turistar for pengar

Trond Blindheim, rektor ved Markedshøgskulen, meiner rekeprisane på Fisketorget støttar opp om hans teori om at Fisketorget i Bergen er Norges største turistfelle.

– Det er ein stad som er konstruert for turistar som kjem til Bergen og skal slå i hel eit par timar før cruiseskipet reiser vidare. Det handlar om å tappa dei for pengar på kortast mogleg tid, seier Blindheim.

Trond Blindheim

– KREMMARKULTUR: Rektor Trond Blindheim ved Markedshøgskulen meiner kremmarkulturen i Bergen kan vera ei forklaring til høge rekeprisar her.

Foto: www.mh.no

– Det er jo ein gammal kremmarkultur som rår i Bergen, svarer han på spørsmål om kvifor rekeprisane er høgst i Bergen.

Blindheim fryktar at slike prisar på sikt vil bidra til å gjera Noreg til eit mindre attraktivt feriemål.

Ferske reker kan bli frakta langt

Stor etterspurnad etter reker på ei tid på året der tilgangen er dårleg er ifølgje torgsjefen på Fisketorget i Bergen forklaringa på høge prisar.

– Me på Fisketorget skal til ei kvar tid ha ferske reker på Fisketorget til den beste kvaliteten. Då kan det henda at me må fly ned reker frå Tromsø. Situasjonen blir då heilt annleis frå Tromsø der dei har fiskemottak veldig nært utsalsstaden, seier torgsjef Bent Unneland.

Han understrekar at det ikkje er han som torgsjef som avgjer kva utsalsprisen skal vera, det er opp til dei enkelte fiskeforhandlarane.

Torgsjefen meiner undersøkingar dei har gjennomført på Fisketorget i sommar viser at også bergensarane liker det Fisketorget tilbyr.

– Me har intervjua kundar på Fisketorget og 99 prosent av dei har inntrykk av at Fisketorget er heilt unikt. Det gjeld både bergensarar og turistar elles, seier Unneland.