Hopp til innhold

Reiser langt for å kjøpe kortreist på Evanger

Den førre butikkeigaren la ned og dro frå bygda. Men med heimestrikka sokkar og pølser som er laga på andre sida av vegen, har Monika Bjørsvik fått sving på nærbutikken på Evanger.

På Evanger satsar dei på kortreist mat

På utsida ser det ut som ein heilt vanleg nærbutikk. Det einaste som avslører dei er namnet.

– Vi ville jo ikkje opne vanleg butikk, men lage ein landhandel som gjer at vi skil oss ut!

Monika Bjørsvik fortel så telefonen gløder. Butikksjefen pendlar frå Bergen, men brenn for den vesle vossebygda.

– Ofte er ikkje eldsjela i bygda, men kjem utanfrå og ser potensial.

På Evanger er det kanskje ein kombinasjon.

– Eg er møkka lei av å gå på vanlige butikkar.

Sissel Bjørnstad

Dei tilsette ved Evanger Landhandleri

LANDHANDLARANE: F.v. Monika Bjørsvik, Rebecca Bjørsvik og Valentina Venturini

Foto: privat

Beviser ein trend

Bygda ligg der elva sluttar. Trafikken på E16 susar forbi. Og her i vesle Evanger finst visstnok bevis på at du og eg har endra oss.

– Ja, eg trur det er bevis for ein aukande trend, seier Helge Shei. Han er dagleg leiar i Merkur-programmet. Dei jobbar for å halde liv i nærbutikkar rundt om i Bygde-Noreg (sjå faktaboks). Han fortel om aukande interesse for lokal mat og lokale produkt.

Inne på landhandleriet er det akkurat det du finn. Spekemat som er laga rett over vegen. Øl brygga i ei anna vossabygd, og butikksjefen har visst strikka sokkane dei sel. Prisen er høgare men det ser ikkje ut til å skremme kundane.

– Om kvaliteten er god, så betaler dei gjerne meir og reiser litt ekstra for å få tak i det, utdjupar Helge.

Best i Noreg på kortreist mat

– Eg er møkka lei av å gå på vanlege butikkar. Du får den same maten over alt. Kunde Sissel Bjørnstad seier ho gjerne reiser ei mil frå Voss sentrum for å snope litt her.

Nærbutikkar rundt om gjer det bra. På Evanger er dei likevel ganske unike.

– Butikken på Evanger og ein i Åkrafjorden er dei av nærbutikkane i Noreg som tilbyr mest kortreiste produkt. Det vil eg våge å påstå, seier Helge.

Og butikksjefen bekreftar at det var nettopp kortreist mat som starta det heile. Då den førre butikkeigaren ville flytte, såg ho sitt snitt til å satse saman med ein lokal eigar.

– Vi ville satse på lokale leverandørar som ikkje er store nok til å få innpass i dei store kjedene. Monika ser at kundane er interesserte.

– Vi skal ikkje bli større

10.10. kl. 10.10 i fjor opna dørene. Ordførarbesøk og stor ståhei måtte til. Dei er tre tilsette, og treng fleire.

– Kor er de om eit år?

Telefonen gløder igjen, og Monika renn over av idear. Men ho er spent på om det går. Dei treng fleire bein å stå på, og er avhengige av reisande på E16.

– Ambisjonane er ikkje å bli større, men å drive godt, seier ho.