Hopp til innhold

– Gi blod før ferien

Blodbanken i Bergen ber folk gi blod før dei reiser på ferie til utlandet. Etter feire kan mange hamne i karantene, og det kan gi lite blod i banken.

Gir blod

KAN FÅ KARANTENE: Dersom ein ikkje gir blod før feriereiser, så kan blodgivarar få karantene. Her gir Petter Haraldsen blod før han reiser på ferie.

Foto: Marita Skeie / NRK

Petter Haraldsen

GIR BLOD FØR FERIEN: Petter Haraldsen hugsar alltid å gi blod før ferien.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Folk må absolutt tenkje på å gi blod før dei reiser på ferie. Når det ligg pasientar på Haukeland som treng blod for at dei skal klare å bli friske, så er å gi blod det minste ein kan gjere, seier Petter Haraldsen.

Haraldsen har vore blodgivar i fire år, og er ein av dei som alltid tenkjer på å gi blod før ein utanlandstur, og det er ikkje utan grunn.

– Det høyrest nesten fælt ut, men mange reiser på ferie til stader som gjer at dei får karantene og ikkje kan gi blod, seier Tor Hervik som er overlege i blodbanken i Bergen.

– Går lett tom

Tor Hervik

OPPMODAR OM Å GI BLOD: Tor Hervik som er overlege i blodbanken i Bergen seier at det er eit problem at mange ikkje tenkjer på å gi blod før dei reiser på ferie.

Foto: Marita Skeie / NRK

Hervik opplever stadig at folk som ynskjer å gi blod vert avvist grunna landet dei har lagt ferien til.

– Det er ingenting me vil mindre enn at blodgivarar som kjem for å hjelpe andre vert avvist i døra. Blodlageret i Bergen er circa på 500 posar, og dersom det skjer fleire store ulykker på ein gong, så går me lett tom, seier Hervik.

Tal frå Haukeland sjukehus viser at i 2009 vart fire prosent av folk som vil gi blod avvist då dei kom, og sju prosent av desse fekk ikkje gi blod grunna utanlandsturar. Det kan gi konsekvensar for blodbanken.

– Blodforbruket om sommaren er veldig ujamt nettopp fordi det knytt til ulykker på vegane, eller til brannskadar, seier Hervik.

Fordi det ikkje er råd å vite akkurat kor mykje blod det trengst, så håpar Hervik at fleire gir blod før dei reiser på tur, og at nye blodgivarar melder seg.

– Eg vil oppfordre alle som kan om å melde seg som blodgivar, seier han.