Hotelldirektør Asle Prestegård ved Scandic Bergen City fekk måndag og tysdag 55 avbestillingar.
- Me byrjar å merka kaoset rundt kansellerte fly veldig godt, seier Prestegård.
Ei sårbar tid
Han fortel at alle avbestillingane på hotellet vil få økonomiske konsekvensar.
- Dersom dette varer lenge vil ringverknadane bli store. I tillegg er dette også ei sårbar tid i bransjen til vanleg, utdjupar hotelldirektøren.
- Uhaldbart
Distriktssjef Wenche Salthella i Reiselivsbedriftenes Landsforbund seier det er uhaldbart at pilotproblema i SAS Braathens rammar ein tredjepart.
Ho seier hotellstreikane har gitt Noreg eit dårleg rykte blant internasjonale reiseoperatørar.
- Og flyproblema vil jo berre forverra dette inntrykket utlendingar har av Noreg som reisemål. At her kan ein korkje stola på at fly eller hotell er oppe og går når ein kjem, seier ho.
Følgjer nøye med
Salthella fortel at reiselivsnæringa følgjer utviklinga i SAS Braathens nøye.
- I første omgong kjem me til å vera svært tydelege på kva me tykkjer om dette. Vidare må me sjå kor lenge problema varer før me eventuelt går lengre, seier ho.