NRK Meny
Normal

Reinvaskar skipstrafikken

Store skip som ligg ved kai i Bergen har nesten inga skuld i luftforureininga som er i byen. Det hevdar Lars Tveit i Hordaland Fylkeskommune.

Bergen forurensing luftkvalitet

GIFTLOKK: Lars Tveit hevdar skipstrafikken nesten ikkje bidrar til den helseskadelege lufta.

Foto: Pål Bentdal

– Når vi opplever smogen over Bergen og har dårleg luftkvalitet på Danmarksplass, så er det i svær liten grad på grunn av skip om ligg i hamna. Det har vi påvist, seier Lars Tveit i Hordaland Fylkeskommune.

Han har leia eit EU-prosjekt i seks land som har jobba for reinare hamner og måling av forureining frå skip.

Lars Tveit

FRIKJENNER: Lars Tveit i Hordaland fylkeskommune har gjort nye målingar av luftforureining frå skipa til kai i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland

Tveit viser til målingar som har blitt gjort på ulike punkt i byen. Målingane viser kva veg luftstraumen tar. Han meiner målingane også viser at det ikkje er frå hamna problema kjem.

Betyr det at skipstrafikken ikkje er eit problem?

– Kjem an på definisjonen av eit problem, seier Tveit.

Feiltolkar målingane

Dieselmotorar på skip spyr ut gassar som skadar både helse, miljø og klima. I hamner er eksos frå Cruiseskip og supplyskip særleg merkbart.

For ca. 15 år sidan kom temaet for alvor opp i norske hamnebyar.

Ein rapport frå forureiningstilsynet hevda at skipsmotorar ved kai i Bergen forureina like mykje som heile bilparken i byen.

Luftforurensing i Bergen

SMOG: Den urene lufta samlar seg i Bergensdalen.

Foto: Ole Hallvard Dyrbekk

I fjor kom tyske naturvernarar til Bergen. Dei målte at forureininga ved hamna var hundre gongar høgare enn det normale i sentrum. Dette meiner Tveit kjem av feiltolkingar.

– Slike målingar kan gi ei heilt feil bilete, dersom dei kjem i hendene til ukunnige, fordi det er så veldig mange ting å ta omsyn til, meiner han.

– Frikjenner altså hamna som luftforureinar?

– Det er ikkje tvil om at skip i hamna også bidrar til utslepp av miljøgassar. Men dette er marginale bidrag til dei dagane kommunen må sette i verk tiltak, hevdar Tveit.