Hopp til innhold

Ho skulle bli Hitlers ideal-barn

Reidun Nielsen var eit av hundre tysk-norske barn som vart sjekka inn på Stalheim hotell under krigen. Mål: Å avle henne opp som et av Hitlers vidunderbarn.

Reidun Nilsen var lebensborn på Stalheim
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Reidun Nielsen var ein av dei som skulle bli framtida i det tyske riket: Lebensborna.

Mora Aslaug var knappe 18 år og frå Stavanger, faren Fritz var tysk løytnant.

No er Reidun tilbake, vel 70 år seinare.

– Det er sterkt og betydningsfullt for meg. Dette losnar opp noko i meg som har vore forknytt, seier Reidun Nilsen til NRK.

Lebensborn på Stalheim

INTERVJUET: Sjå heile reportasjen frå Vestlandsrevyen her

Ein arisk fabrikk

Under andre verdskrig var hotellet okkupert av det tyske naziregimet.

Frå 1943 var det omgjort til Lebensborn-heim, der 100 barn av tyske soldatar og norske mødrer skulle avlast opp som del av den reine, ariske rasen.

Hotellet ligg 36 kilometer øst for Voss sentrum, 380 m over havet på toppen av den berømte og berykta Stalheimskleivi.

Eg gjekk inn til mor mi for å få forklaring, men det fekk eg ikkje. Ho sa at eg skulle alltid vere hos dei, og at eg ikkje skulle tenkje meir på dette. Dette snakkar vi aldri meir om.

Reidun Nilsen, lebensborn

Stalheim hotell blei okkupert av tyske styrkar i slutten på april 1940 og var først rekreasjonsstad for høgare tyske offiserar. Tyske styrkar bygde også stillingar på platået, der dei hadde kontroll over heile Nærøydalen.

Stalheim hotell

STALHEIM: Hotellet ligg høgt plassert i terrenget over E16, 36 kilometer øst for Voss i Hordaland. Stalheim Hotel vart første gang opna 15. mai 1885. I 1943 var hotellet omgjort til såkalla «Kinderheim Stalheim» som del av Hitler sitt lebensborn-prosjekt.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Dette var Kinderheim Stalheim

I 1943 var hotellet omgjort til såkalla «Kinderheim Stalheim» som del av Hitler sitt lebensborn-prosjekt:

  • Det vart oppretta 100 barneplassar på Stalheim.
  • Barn av tyske soldatar og norske jenter skulle sikra utviklinga av den ariske rasen.
  • Barna skulle herdast for å bli gode ariarar, blant anna med opne vindauge i 20 minusgrader.
  • Reidun var ein av dei 84 barna under den store barnedåpen på Stalheim 28. mai 1945.
  • Til saman hadde Lebensborn registrert 8000 barn med tysk far og norsk mor, men det reelle talet var høgare.

Ifølgje rapportar frå tilsynslege Birger Lerum skal fleire av barna ha frose i hel under herdingsprosessen.

Reidun Nilsen var lebensborn på Stalheim under krigen

LITEN JENTE: Reidun var blant dei siste som vart frakta bort frå Stalheim etter krigen etter å ha vore der i sju månader.

Foto: Privat

– Det er umenneskeleg

Reidun Nilsen kom til Kinderheim Stalheim kort tid etter at ho vart fødd 23. november 1944 på Dr. Holms på Geilo, som var føde- og barselavdeling for lebensborn.

Reidun var mellom dei siste som vart frakta bort frå Stalheim etter krigen etter å ha vore der i sju månader. Det var mykje vanstell siste tida på Lebensborn Stalheim, og Reidun hamna på sjukehus i Oslo 5. juli 1945.

– Det er umenneskeleg og nesten ikkje til å forstå at vi fekk så lite kjærleik og omsorg. Dei skulle berre halde liv i oss, seier Reidun.

Ho blei adoptert bort til ein familie i Kristiansand, i staden for utsending til Tyskland, slik det først var planar om. Sjukdom var hovudårsak.

– Eg kunne ikkje gå då eg var halvanna år gammal, truleg på grunn av understimulering på Stalheim.

Eg gjekk inn til mor mi for å få forklaring, men det fekk eg ikkje. Ho sa at eg skulle alltid vere hos dei, og at eg ikkje skulle tenkje meir på dette. Dette snakkar vi aldri meir om.

Reidun Nilsen, lebensborn

Stor skam

Reidun var uvitande om at ho var «tyskarunge» fram til konfirmasjonen då det måtte leggjast fram dåpsattest. Ein skulle ikkje snakka om at ho hadde tysk far då dette var forbunde med stor skam.

– Eg fekk ein ubehageleg beskjed frå ein unge på sju-åtte år som eg leikte med, at du bur ikkje hos mor di og far din, du er adoptert! Eg gjekk inn til mor mi for å få forklaring, men det fekk eg ikkje. Ho sa at eg skulle alltid vere hos dei, og at eg ikkje skulle tenkje meir på dette. Dette snakkar vi aldri meir om.

14 dagar før Reidun skulle gifte seg som 21-åring sa ho til sin kommande ektemann: «Du må berre gå frå meg, for eg har tysk far.»

– Så ille var det for meg, seier Reidun. Men gift vart ho.

Reidun Nilsen var lebensborn på Stalheim under krigen

ONDSKAPENS HOTELL: Frå 1943 var hotellet bak henne omgjort til Lebensborn-heim, der Reidun Nilsen og 100 andre barn av tyske soldatar og norske mødrer skulle avlast opp.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Møtte aldri sin far

Reidun Nilsen fekk aldri møte sin tyske far, mora si berre ein gong. Men begge familiane har ho god kontakt med i dag. Å prate om historia si har vore viktig.

– Nå byrjar brikkene å falle på plass, det er lett å snakke om no!

Ein trur at Noreg hadde mellom 10.000 og 12.000 barn som følgje av samkvem mellom tysk far og norsk mor.

Etter krigen blei desse barna fråteke rettar. Mange blei tvangsadoptert bort, eller sendt på institusjonar for mentalt tilbakeståande utan at det var medisinsk grunnlag for dette. Mange vart utsette for mishandling og overgrep.

Skulle «fortyskast»

– Etter krigen var det sterke, negative haldningar i det norske folk rundt tyskarar og det tyske folk. Krigsborna blei oppfatta som dette tyske, og nokon meinte at dei 8000–9000 borna skulle sendast til Tyskland, seier historikar Kåre Olsen til NRK.

Han publiserte i 1998 boka «Krigens barn». Dei norske krigsborna og deira mødrer på Aschehoug forlag.

I krigsgenerasjonen sat dei negative haldningane fast ganske lenge. Nokon frykta at dei tyske genane skulle slå ut i full blomster då borna vart vaksne, og stå fram som marsjerande nazistar.

– Det har sjølvsagt ikkje skjedd, seier Olsen.

Lebensborn er ikkje noko offisielt omgrep, og det vert feil å stemple borna som lebensborn. Krigsborn er meir dekkjande.

Kåre Olsen, historikar

– Krigsborn, ikkje lebensborn

Ingen land utanfor Tyskland hadde fleire Lebensborn-heim enn Noreg, ifølgje Bergens Tidende. Avisa har over fleire år retta fokus mot historia, og tyskarjenter spesielt, gjennom ein prislønt artikkelserie.

Heile 800 barn vart fødde inn i nazisystemet i Hordaland, nesten like mange som i hovudstaden.

Blonde, blåøygde, ariske norske barn passa nazistane sine ideal. Dei norsk-tyske barna vart testa og målt, og dei «rasemessig beste» som mødrene gav fri for adopsjon, skulle sendast til Tyskland. Her skulle dei «fortyskast», med nytt namn, ny identitet og nye foreldre.

Målet var å byggje den ariske rase. Resten av barna kunne adopterast vekk i Noreg.

– Lebensborn er ikkje noko offisielt omgrep, og det vert feil å stemple borna som lebensborn. Krigsborn er meir dekkjande. Dette var rett og slett born fødde under krigen med tyske fedrar, seier historikar Kåre Olsen.

Han viser til at det SS-støtta lebensbornkontoret fungerte som eit sosialkontor i Noreg, som det ikkje var noko mystisk ved. Det einaste spesielle var at faren var tysk.

Nokon få hundre vart sendt til Tyskland.

Underlagt teieplikt

70 år etter at krigen slutta er fleire tusen dokument i Riksarkivet framleis hemmelege. Landssviksakene vart opna, medan arkivet om norske barn med tyske fedrar er underlagt teieplikt i 100 år, det vil seie til 2040–45.

Lebensborn-arkivet omhandlar norske barn med tyske fedrar, født under krigen. Dei råka skal vere trygge på at opplysningane ikkje vert kjende i deira levetid, opplyser Riksarkivet til Aftenposten.

Etter at Landssvikarkivet vart opna har Riksarkivet fått nesten 70 førespurnader om innsyn kvar einast dag.