I 1991 tok likningsstyresmaktene beslag i 25 millionar kroner på kontoen til reiaren i Luxembourg fordi staten meinte at han skulle ha betalt skatt til Noreg.
Den europeiske menneskerettsdomstolen vurderer saka som så alvorleg og interessant at dei vil handsama ho.
Forretningsverksemda kollapsa
I dag skal Oslo tingrett vurdera om kravet frå Egil Anfindsen er forelda.
- Eg var skattelagd på Kypros, og det viser også rekneskapa, fortel Anfindsen.
82-åringen blei ikkje informert om at kontoen ville bli sperra, og sperringa førte til at all forretningsverksemd ramla saman.
- Det førte til ein total lammelse av all aktivitet, seier han.
Blei ikkje varsla
Bergensreiaren sin advokat, Marius Reikerås, meiner staten her har brote mange punkt i Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
- Staten har gått inn og fatta eit vedtak utan at min klient i det heile teke er blitt varsla. Dei har sperra kontoen hans utan at han er blitt informert om noko som helst, fortel han.