NRK Meny
Normal

Regn, regn og meir regn

Mellom 80 og 110 millimeter nedbør skal detta ned over Vestlandet i morgon. Dette tyder at det er sendt ut både flaum og skredvarsel.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Det er venta mykje regn dei neste to dagane og NVE har sendt ut flaum- og skredvarsel i Hordaland.

– Det neste døgnet vil det koma veldig mykje nedbør. Dei mest nedbørsrike stadene kan nok få mellom 80 og 110 millimeter nedbør, og det er ganske mykje, seier statsmeteorolog Mette Sundvor Skjerdal.

NVE har no sendt ut flaum- og skredvarsel i Hordaland og Vêrvarslinga har sendt ut OBS varsel. Årsaka til at vi går inn i ei av dei mest elendige vêr-helgene så langt i vinter er varm luft sørfrå som treff kaldfrontar høgt oppe i atmosfæren.

I beredskap

Sidan det er sendt ut varsel er Bergen kommune allereie i beredskap.

– No har vatnet allereie byrja å kome ned frå himmelen og vi har hatt folk ute sidan kl. 07:00 i dag tidleg for å sjå etter rist og sluk, seier Atle Kleppe som er driftssjef i trafikketaten i Bergen kommune.

dårlig vær

NEDBØRSFRONT: Slik ser utsikta for Vestlandet ut på Yr.no.

Foto: Magnus Aamo Holte

– Kva skal folk som får problem med vêret gjere?

– Folk som får problem kan ringe til vaktsentralen vår som er døgnopen. I tillegg så anbefaler eg at folk går ut for å sjå om dei har ei rist eller ein sluk i nærleiken som har lauv på seg og fjernar det, oppmodar Kleppe.

Kan vente oss haglbyer

– Korleis blir vêret innover mot helga på Vestlandet?

– Det ser ut som at dei største nedbørsmengdene er unna i løpet av morgondagen. Fredag kveld så dreier vinden i vestleg retning og då kjem det inn haglbyer og torebyer. Vi får nok mest sannsynleg storm på kysten og på fjellet, seier statsmeteorolog.

– Kor blir det verst i Hordaland?

– Det ser ut som at det er i dei indre strøka som får dei største nedbørsmengdene, opplyser Skjerdal om.

  • Sjekk vêret der du bur på Yr.no

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.