NRK Meny
Normal

Regjeringas kvalitetssikring: Godsterminalen bør bli i Bergen sentrum i lang tid

Lokale aksjonistar jublar over rapporten som tilrår at regjeringa ikkje flyttar godsterminalen frå Nygårdstangen i Bergen sentrum før tidlegast i år 2040. Men byrådet likar dårleg at Nygårdstangen ikkje blir frigitt til byutvikling.

Bergen godsterminal Nygårdstangen

GODSTERMINAL: Denne godsterminalen på Nygårdstangen i Bergen sentrum bør vidareutviklast, meiner Transportøkonomisk Institutt og Dovre Group.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det beste alternativet i den betente godsterminalstriden er å modernisere dagens terminal på Nygårdstangen og forkasta Unneland som alternativ i framtida, ifølgje ein kvalitetssikringsrapport bestilt av regjeringa.

På oppdrag frå Samferdsledepartementet og Finansdepartementet har dei gjort ei ekstern kvalitetssikring (KS1) av den såkalla «konseptvalutgreiinga (KVU) for logistikknutepunkt i Bergensregionen» som Jernbaneverket overleverte til samferdselsministeren i desember 2015.

– Byrådet ønsker å få både godsterminalen på Nygårdstangen og godshamna på Dokken frigitt til byutvikling. Me meiner regjeringa bør avgjera kor framtidig godsterminal bør liggje utanfor Bergen sentrum, seier byutviklingsbyråd Anna-Elisa Tryti (Ap).

Men den ferske rapporten tilrår å behalda og utvikla den noverande godsterminalen på Nygårdstangen i minst 25 år til.

Mykje billigare

– Moderniseringsalternativet er det einaste med positiv netto nytte, meiner Dovre Group og Transportøkonomisk institutt (TØI).

Modernisering av Nygårdstangen vil koste 0.6 milliardar kroner og ha ei netto nytte på 0.9 milliardar kroner.

Til samanlikning vil Unneland koste 5.8 milliardar og ha 1.9 milliardar i negativ nytte, medan Rådal/Hordnesskogen vil koste 7.1 med ei negativ nytte på 1.7.

– Det er sjølvsagt eit vektig argument når kvalitetssikringa seier dette så pass tydeleg, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen frå Hordaland.

– Det er klart at investeringa som skal til på Nygårdstangen er betydeleg mindre enn det som skal til andre stader. Nytta er større andre stader, men det er også kostnadane.

Men han understrekar at regjeringa ikkje har konkludert i saka.

Tom-Christer Nilsen

IKKJE OVERRASKA: At dei tilrår Nygårdstangen som har best kost/nytte, er ikkje overraskande, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen (H).

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK
  • Les rapporten her (ekstern lenke).

Glede på Unneland

Frode Larsen i Unneland grendelag og aksjonsgruppa «Mot Godsterminal i Arna» er likevel letta over den ferske rapporten:

– Det er gledeleg at kvalitetssikringa går same veg som dei lokale vedtaka, der ingen peika på Unneland som aktuell. Men sikre er me ikkje før regjeringa har tatt avgjerda.

Godsterminalen på Nygårdstangen har i dag ikkje kapasitet til å møte den venta auken i godstransport på jernbane. Dagens terminal er dessutan sentralt plassert i eit område som er godt eigna for byutvikling i Bergen.

Lokal motstand overalt

Til store lokale protestar tilrådde Jernbaneverket i fjor å byggje ny terminal for jernbanetransport i Rådal/Hordnesskogen i Fana eller på Unneland i Arna. Etaten gjekk inn for at godsterminal for jernbanetransport heller ikkje i framtida skal vere samlokalisert med ei godshamn.

Lokaliseringsalternativa Rådal og Unneland blei vurderte til å vere like godt eigna. Jernbaneverket tilrådde ei rask avklaring av lokalisering, og meinte Nygårdstangen ville bli for liten innan år 2030.

Tja til Rådal og Dyngeland

Men den eksterne kvalitetssikringa frå Dovre Group og TØI meiner det hastar mindre, og dei avviser lokaliseringsforslaga til Jernbaneverket.

I staden tilrår dei at modernisering av Nygårdstangen blir vald som jernbaneløysing, og dei meiner dette vil gi tilstrekkeleg kapasitet heilt fram til rundt år 2040.

Bystasjonen og Statens hus sett fra Ulriken

BYUTVIKLINGSOMRÅDE: Området kring Nygårdstangen der terminalen ligg i dag, er godt eigna til byutvikling, meiner Bergen kommune. Men no kan godsterminalen bli vidareført.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Dette gir regjeringa høve til å utsetja avgjerda.

Viss Nygårdstangen blir for liten etter 2040, vurderer kvalitetssikringsrapporten Rådal/Hordnesskogen og Dyngeland som dei to beste lokaliseringsalternativa. Begge ligg i Fana bydel i Bergen sør.

Godsterminal på Dyngeland vil ifølge rapporten koste 6.9 milliardar kroner og ha ein negativ nytte på 1.8 milliardar.

Nei til Unneland

TØI og Dovre Group tilrår uansett ikkje at jordbruksområdet på Unneland i Arna blir valt som godsterminal.

Jernbaneverket la tidleg vekk Dyngeland på Midttun som alternativ. Bystyret i Bergen gjekk i sommar inn for å leggja ny godsterminal til Rådal/Hordnesskogen, og fylkestinget gjekk inn for eit anna alternativ i Arnadalen.

Unneland

DROPPAR UNNELAND: Jordbruksområdet i Arnadalen er ikkje blant dei alternativa kvalitetssikrarane tilrår.

Foto: Frode Bergo Larsen

Sjølv om kvalitetssikringsrapporten tilrår Nygårdstangen, meiner byråd Tryti at rapporten underbyggjer bystyret si tilråding om at ny godsterminal bør liggje i Bergen sør.

I motsetnad til Jernbaneverket, meiner kvalitetssikrarane at hovudtyngda av transportbehovet ligg i Bergen sør. Derfor utelukkar rapporten Arna og Åsane som aktuelle alternativ.

– Då fell eit hovudargument for godsterminal på Unneland bort, konstaterer Bjørn Sundland i Unneland grendalag nøgd.

Vidare prosess

Både konseptvalutgreiinga frå Jernbaneverket og kvalitetssikringa frå Dovre Group og TØI og blir ein del av eit breitt grunnlag når regjeringa skal ta stilling til den framtidige handteringa av gods på bane i Bergensregionen.

– Dersom vi skal få meir gods over på bane, er det viktig med effektive godsterminalar med tilstrekkeleg kapasitet. Samstundes er det viktig at vi ikkje gjer større investeringar i terminalar enn det som er naudsynt. Eg vil no setje meg grundig inn i den nye rapporten, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.