Hopp til innhold

Regjeringa vil opne for bygging av kraftverk i flaumelva

Elva raserte store delar av Odda sentrum under den kraftige flaumen i 2014. Nøyaktig to år seinare kan vernet av elva bli fjerna.

Vannskader i kulturhuset på Voss.

OPO: Fem hus, ein buss og ein garasje vart feia vekk då Opo-elva skar seg gjennom Odda sentrum natt til 29. oktober.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Dette er eit kinderegg. Vinn-vinn-vinn for flaumsikring, kraft og kommune, seier stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H).

Regjeringa la i dag fram eit forslag for Stortinget om å opne for konsesjonsbehandling av kraftproduksjon i nedre del av det verna Opovassdraget i Odda.

– Dette har vi jobba lenge med og eg er glad regjeringa kjem til Stortinget med ei sak, seier Helge Andre Njåstad, stortingsrepresentant for Hordaland Frp.

Sikre mot flaum

Fem hus, ein buss og ein garasje vart feia vekk då Opo-elva skar seg gjennom Odda sentrum natt til 29. oktober i 2014. Etter storflaumen har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) starta eit omfattande arbeid i sjølve elvelaupet, for å sikra at elva skal kunna tole minst 200-årsflaumar.

NVE sitt arbeid er langt frå ferdig, men parallelt med dette har Odda kommune sett på moglegheita med Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) om å oppretta ein flaumtunnel kombinert med kraftverk.

– Dette er eit spennande prosjekt som både kan bidra til å sikre Odda mot flaum, og gje betydeleg ny fornybar kraftproduksjon og skape arbeidsplassar, seier Njåstad.

Opovassdraget oktober 2016

SIKRING: To år etter flaumen driv NVE med eit omfattande arbeid i elveløpet i Opo.

Foto: Tale Hauso / NRK

Må ha samtykke

Opovassdraget er verna mot kraftutbygging, og det kan ikkje opnast for konsesjonsbehandling utan Stortinget si samtykke.

– Eg har stor tru på at vi har mange parti med oss på at dette er fornuftig. Men no ligg ballen hos SKL for å løfte fram prosjektet, seier Njåstad.

– Kva er det som gjer at regjeringa kan sjå vekk ifrå at dette vassdraget er verna?

– Flaumen i 2014 viste oss at her må vi gjere noko. Det er store investeringar som trengst for å sikre mot nye flaumar, og her kan vi gjere det på ein måte som det også er økonomi i, seier Njåstad.

Ta vare på verdiane

Han legg til at dette er ei enkeltsak som har fått spesialbehandling.

– No må vi finne ein fornuftig balanse mellom det å sikre lønnsemd for utbyggaren, samtidig som ein tar vare på verdiane i vassdraget gjennom til dømes å ha ei minstevassføring, seier stortingsrepresentanten.

Dette er tema som vil bli arbeida med i den ordinære konsesjonsbehandlinga som dei no set i gong med basert på dagens sak til Stortinget.

Opoelva
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix