Regjeringa vil lære av Bergen i kampen mot moderne slaveri

BERGEN (NRK): Regjeringa ser vestover før dei presenterer den nasjonale planen for å kjempe mot menneskehandel.

Prostituerte tilbake på gaten i Bergen

VANLEG SYN: Mange prostituerte forsvann frå gatene i Bergen i 2017. Sommaren 2018 var mange tilbake.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Regjeringa sitt bistandsprogram vert lansert under Arendalsuka i august. Målet for programmet er å utrydde alle formar for moderne slaveri innan 2025.

– Det handlar om å tru på det før ein ser det. At det skjer menneskehandel og moderne slaveri, også her i vår by, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Denne veka tok ho imot utviklingsminister og partikollega Dag Inge Ulstein i Bergen. Saman møtte dei Kirkens Bymisjon, dei som i mange år har stått heilt i front for å hjelpe menneskehandel-offer i Bergen.

Og dei har det vore mange av. NRK har dokumentert det i Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet». Vest politidistrikt si Exit-gruppe har gjennomført mange aksjonar mot hallikverksemder i Bergen.

Store mørketal

Politiet si koordineringseining for ofre for menneskehandel (KOM) estimerte at det fanst kring 260 ofre i Noreg i 2016. For 2017 gjorde dei ikkje noka utrekning fordi det trengst eit meir påliteleg system for innhenting av data.

Mørketala er truleg store, slik NRK tidlegare har omtala. Den internasjonale Global Slavery Index, som byggjer på tal frå FN-organ, estimerer at heile 9000 menneske lever som slavar i Noreg.

Det er også store mørketal i talet på politimelde menneskehandel-saker (ekstern lenke) fordi mange offer ikkje tør seie ifrå.

– Vi er byen i Noreg som har avdekka mest menneskehandel. Dette har vi tatt tak i og har laga ein heilskapleg plan for å avdekka, førebyggja og handtera slaveri, seier helsebyråd Beate Husa.

Kristin Nordvik i Kirkens Bymisjon FRI snakkar med helsebyråd Beate Husa (KrF)

FORTALDE: Leiar av Kirkens Bymisjon sit tiltak FRI, Kristin Nordvik, fortalde om offer for menneskehandel i Bergen. Til høgre for henne lyttar helsebyråd Beate Husa (KrF).

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Rystande historier

I møtet med Kirkens Bymisjon i Bergen fekk utviklingsministeren høyre om korleis dei jobbar.

Bymisjonens tiltak vert kalla Fri, og dei har eigne team som jobbar oppsøkande mot prostituerte i bergensgatene. Historiene om korleis kvardagen deira er, rystar politikarane under møtet.

Bergen kommune har altså nyleg vedteke ein handlingsplan mot menneskehandel. Den vil Ulstein lære av når eit nasjonalt bistandsprogram mot det som vert kalla moderne slaveri skal vera klar over sommaren.

– Både Kirkens Bymisjon og andre organisasjonar har viktige erfaringar gjennom over ti års arbeid på dette feltet. Samarbeidet med styresmaktene er ein modell vi ønskjer å ta med oss, også ut i andre land vi jobbar med, seier Ulstein.

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF)

VIL LÆRE: Utviklingsminister Dag Inge Ulstein seier regjeringa sin handlingsplan mot menneskehandel vil vera etter mal for den planen Bergen kommune har vedteke denne våren.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Samarbeid

Modellen som kommunen no har vedteke går ut på å knytte kompetanse og erfaringar frå alle som er involvert i hjelpeapparatet.

Dei viktigaste tiltaka til kommunen er å

  • etablere ei eining med fire personar som jobbar mot menneskehandel.
  • kartlegge og utarbeide ein situasjonsrapport.
  • sørge for at tilsette i viktige tenester som møter moglege offer har naudsynt kompetanse på feltet.
  • identifisera offer og hjelpa dei vidare.
  • hindre etterspurnaden.

Særleg er informasjonsarbeidet viktig, meiner helsebyråden.

– Slik kan vi førebyggja at barn og unge seinare utnyttar nokon som er i ein sårbar situasjon.