Regjeringa seier ja til køprising i Bergen

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) ber Stortinget svara ja på Bergen sin søknad om å innføra køprising.

Tett trafikk over Danmarksplass

KØPRISING: Regjeringa vil at det skal bli dyrare å køyre i sentrumskjernen i rushtida i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Lokalpolitikarane vil at det skal koste 45 kr meir å passere bomringen i rushtida frå nyttår. Målet er mindre kø og betre luft.

Forslaget vart vedteke i bystyret i Bergen i februar og vart sidan sendt til Stortinget for godkjenning.

– Eg kan no varsle at regjeringa vil føreslå for Stortinget å sei ja til søknaden, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H).

Ho utdjupar at regjeringa legg stor vekt på at dette er eit lokalt ønske, og vil ikkje stå i vegen når kommunen meiner dette er viktig for å løyse utfordringane med luftkvaliteten i byen.

Giftlokket i Bergen er synlig fra oven

«GIFTLOKET»: Bergen har i mange år slite med dårleg luftkvalitet. I går vart Norge dømd i EFTA-domstolen.

Ulovleg høg luftforureining

I går blei det kjent at Norge er dømt i EFTA-domstolen fordi luftkvaliteten i Bergen og Oslo er så dårleg at dei bryt med internasjonale reglar.

Diskusjonane har vore mange og harde både mellom fylkespolitikarane i Hordaland og bergenspolitikarane, om kva som er dei beste tiltaka for å betre bylufta.

Bergen har vore ein versting i fleire år, og i 2014 var det tredje året på rad at vestlandsbyen hadde ulovleg høg luftforureining. Politikarane har fleire gonger dei siste åra vore nøydde til å be folk la bilen stå, og sjuke menneske har blitt oppfordra til å halde seg inne.

Sundtoft fortel også at regjeringa har sett i gang eit lovarbeid med fleire moglege tiltak. Lågutsleppssoner og krav om lav- eller nullutslepp i drosjenæringa er nokre.

Tine Sundtoft

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) under Høgres landsmøte i vår.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Fryktar satsane

Frp sin gruppeleiar i bystyret i Bergen, Tor Woldseth, har tidlegare sagt at han fryktar satsane kan bli høgare enn 45 kr.

– Med tanke på det nokre av dei andre partia har signalisert, så fryktar eg at det kan føre til eit nytt vedtak med ein takst på fleire hundre kroner per passering, sa Woldseth til NRK i september.

I same sak fortel samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at det truleg må ei lovendring til før Stortinget kan seia ja.

– Vi har søknaden frå Bergen til behandling, og har kala inn til eit møte med involverte byar i september. Regelverket er komplisert, og gjerne litt utdatert, så vi må diskutera endringar for å gjera det mest mogleg hensiktsmessig, sa Solvik-Olsen til NRK.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.