Hopp til innhold

Regjeringa støttar Årstad

Regjeringa løyver 7,6 millionar frå statsbudsjettet til områdesatsing i Årstad i Bergen.

Lysbakken og Navarsete

Audun Lysbakken og Liv Signe Navarsete fortalde på ein pressekonferanse sundag at dei gir pengar frå statsbudsjettet til å å løfta Årstad bydel i Bergen.

Foto: Hanne Marie Molde

Det kom fram på ein pressekonferanse med kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken i Solheimsviken i Bergen sundag ettermiddag.

- Løftsatsing av bydelar i Oslo har vore veldig vellukka. No flyttar me områdesatsinga ut frå Oslo og over fjellet til Bergen. Det er ingen tvil om at her også er store utfordringar og skilnader mellom folk, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet løyver derfor 3 millionar frå neste års statsbudsjett som vert lagt fram på tysdag, til ny energi i Årstad bydel, nye møteplassar, ulike tiltak innanfor vidaregåande skule og betre samarbeid med det frivillige arbeid.

Gratis kjernetid

Også Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet løyver pengar til byutvikling i Årstad. Dei gjev 4,6 millionar kroner til gratis kjernetid i barnehagar til 400 born i alderen fire til fem år.

- Dei vil få 20 timar gratis i barnehagen, fem dagar i veka. Me trur at me då oppnår dei to viktigaste tinga i integreringspolitikken: Born med minoritetsbakgrunn lærer betre norsk, og fleire kvinner kjem seg ut i arbeid, seier Audun Lysbakken.

Har kjempa lenge

I Oslo har kommunen og regjeringa samarbeida i fleire år om å betra levekåra i mellom anna Groruddalen. Bergen kommune har år etter år søkt om midlar til ei liknande løftsatsing i Årstad bydel. No har dei endeleg fått regjeringa med på laget.

- Me har kjempa for dette i mange år, så det er veldig positivt at staten no vil vera med, bruka midlar og samarbeida med oss om å løfta denne bydelen, seier byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland.

- Me skal ikkje surra bort tid eller pengar. Me er alt i gong for å sjå kva me kan få til.

Blir med i fleire år

Neste år vil løftsatsinga få 7,6 millionar frå staten. I tillegg vil Bergen kommune gje 1,6 millionar kroner i oppstartsmiddel. Liv Signe Navarsete seier at regjeringa ser for seg å jobba saman med Bergen om områdesatsing i fleire år.

- Me kjem ikkje til å vera noko "one night stand", me skal vera der dei kommande åra, seier ho og smilar.