NRK Meny
Normal

Regjeringa seier nei til kraftutbygging i Øystesevassdraget

BERGEN (NRK): I årevis har miljøforkjemparane kjempa mot ei omfattande kraftutbygging i det urørte vassdraget. I dag kom endeleg avgjerda.

Utsikt over Vossadalen i Kvam herad, Hordaland. Del av Øystesevassdraget.

INGEN UTBYGGING: Regjeringa set foten ned for to planlagde utbyggingar i Øystesevassdraget i Hordaland.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Dette er ein gledesdag og ein stor honnør til alle som har stått på for å sikra Øystesevassdraget, seier nestleiar Terje Brevik i Venstre.

I meir enn to tiår har både lokale politikarar og stortingspolitikarar diskutert vern eller kraftutbygging av Øystesevassdraget i Kvam i Hordaland.

Motstandarane av kraftutbygging viser til at Øystesevassdraget er eit av dei få attverande vassdraga som renn fritt frå fjord til fjell i Hordaland og fleire raudlista artar har området som sin heim.

Etter at NVE i 2015 opna for to kraftprosjekt i vassdraget, har debatten igjen blussa opp.

Men to veker før valet avslører statsminister Erna Solberg (H) og olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) at regjeringa overprøver NVE sitt vedtak. Dei seier nei til kraftutbygging i vassdraget.

– Regjeringa ønskjer at vi skal utnytte våre fornybare energiressursar. Samstundes må vi ta vare på verdifullt landskap, friluftsliv og biologisk mangfald. I denne saka har vi avgjort at omsynet til det siste må vega tyngst, seier Solberg.

Helene Ødven og Tore Johan Smidt i Bergen og Hordaland Turlag

GLEDE: Helene Ødven og Tore Johan Smidt i Bergen og Hordaland Turlag fekk ein god start på veka.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Har overtalt statsråden

Det var BKK og Øystese Kraft som hadde planar om kraftutbygging i vassdraget. BKK ønska å regulera øvre del av vassdraget, medan det lokale kraftselskapet Øystese Kraft ville utnytta nedre del.

– Øystesevassdraget har særskilde kvalitetar knytt til landskap og friluftsliv. Dette er verdiar det er viktig å bevara. Etter ei heilskapleg vurdering har vi komme fram til at begge søknadane blir avslått av omsyn til friluftsliv, landskap og biologisk mangfald, seier Søviknes.

– BKK har prøvd å forena utbygging av ny energi på ein skånsom måte og samstundes ta vare på natur og friluftsliv. Me er litt skuffa, men har respekt for at styresmaktene kom fra til ei anna konklusjon, seier konserndirektør for produksjon i BKK, Wenche Teigland.

I nesten 30 år har naturforkjemparar jobba for å la Øystesevassdraget ligga i fred. I dag satte regjeringen foten ned for kraftutbygging.

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut i Øystesevassdraget på ein fin dag.

Nøgde naturforkjemparar

For Bergen og Hordaland Turlag er avgjerda om Øystesevassdraget ein kjærkomen beskjed å få. Dei har saman med Naturvernforbundet vore av dei største forkjemparane for å la naturen i vassdraget få vera i fred.

I mai fekk nokre av dei også besøka statsråd Terje Søviknes på kontoret hans i Oslo, for å legga fram sitt syn på saka.

– I år kom julaftan allereie i august! No kan elva få renne til glede for framtidige generasjonar, seier styreleiar Tore Johan Smidt.

Glade

Tidlegare leiar av Naturvernforbundet, og no stortingskandidat for SV, Lars Haltbrekken, er svært glad for at kraftsøknadane blir avslått. No lovar han kamp for å sikra eit varig vern.

– SV har i lang tid slåst for Øystesevassdraget, no er kampen krona med siger. No må elva bli sikra eit varig vern og det vil vi jobbe for om vi vinn valet.

Førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, Arild Hermstad, rosar Frp-statsråden for vedtaket.

– Eg er veldig glad. Søviknes har kjent kva veg dette bar og sørger for å sei nei. Det er veldig bra. Veldig mange vil no få auga opp for å helle utvikle Øystesvassdraget for turistnæringa, framfor å legga naturen i røyr.

Seinast i 2016 sa energi- og miljøkomiteen nei til vern i sin innstilling om Øystesevassdraget. Verken Høgre, Arbeidarpartiet eller Framstegspartiet ville støtta forslaget som kom frå SV.

Bergen turlag, Erna Solberg og Terje Søviknes

GOD STEMNING: Mange smil då statsminister Erna Solberg og energiminister Terje Søviknes vitja Bergen og Hordaland Turlag. Frå venstre: Andrè Marton Pedersen, Tore Johan Smidt, Erna Solberg (H), Terje Brevik (V), Helene Ødven og Terje Søviknes (Frp).

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.