NRK Meny
Normal

Regjeringa seier ja til å bruka bompengar på gratis buss

I vinter kan det bli gratis buss og bybane i Bergen på dagar med høg luftforureining. Regjeringa seier ja til å finansiere ordninga med bompengar.

Buss og bybane i Bergen

GRATIS: På dagar med helseskadeleg luft i Bergen kan det i vinter bli gratis å reisa kollektivt.

Foto: Atle Markeng / NRK

Bergen bystyre vedtok tidlegare i år å femdobla bompengeavgifta og setja opp gratis buss og bane på dagar med dårleg byluft.

Såkalla «beredskapstakstar» inneber at prisen for bomringpasseringane i byen vert 225 kroner for personbilar i rushtida, viss det er meldt helseskadeleg luft i minst to dagar.

Elles på døgnet vil det kosta 95 kroner.

Vegdirektoratet sa nei

Også Hordaland fylkeskommune, som har ansvar for kollektivtilbodet i byen, vedtok gratis buss og bane på slike dagar, men føresetnaden var at dei fekk finansiert tilbodet.

Det viste seg å vera ei utfordring, for 30. september avviste Vegdirektoratet at midlertidig auka bompengeavgift i Bergen kan brukast til å dekka gratis kollektivtilbod når luftforureininga er høg.

Dårleg luft i Bergen

INVERSJON: Eit varmelokk over kald luft langs bakken gir i periodar innestengt forureining nede i Bergensdalen.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Vegdirektoratet gjekk med på at det kan setjast inn ekstra bussar på slike dagar, men sa nei til å betala det med auka bompengar.

Fylkespolitikar Silje Hjemdal (Frp) kritiserte det arbeidarpartistyrte fylkestinget for å ha lova bergensarane noko dei ikkje kunne halda.

Departementet seier ja

Men nå seier Samferdsledepartementet ja til denne finansieringsordninga, og overprøver dermed Vegdirektoratet.

– Me meiner det er dei som sit nærast som vurderer kva som er dei beste tiltaka, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen (H).

I eit brev til direktoratet «har departementet kommet til at vi ønsker åpne for at inntekter fra de økte bompengetakstene kan benyttes til de tiltakene som kommunen og fylkeskommunen anser er nødvendige for å får ned biltrafikken i perioden det gjelder [...] inkludert refusjon av kostnader som følge av at kollektivtransport blir gjort gratis».

Tom-Christer Nilsen

– BØR VERA GREITT: – Dei motførestillingane som eventuelt måtte vera der, er me nøydde til å vurdera, men vår vurdering er at dette bør vera greitt, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Dermed kan fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) jubla.

– Me treng verkemiddel for å klara å hamla opp med problemstillingane knytt til klima. God byluft er heilt avgjerande, og me ynskjer å vera offensive, seier Hestetun, med atterhald om at forslaget kjem seg heilskinna gjennom høyringsrunden.

Kanskje ulovleg

Justisdepartementet meiner det er usikkert om det er lovheimel for slik finansiering. Derfor vil Samferdsledepartementet vurdera nærare om forskrifta kan tre i kraft før lovendringa er vedteken av Stortinget.

– Dei motførestillingane som eventuelt måtte vera der, er me nøydde til å vurdera, men vår vurdering er at dette bør vera greitt, seier statssekretær Tom-Christer Nilsen, som poengterer at departementet ynskjer å la dei lokale myndigheitene avgjera saka.

Fylkesordføraren er klar for å skru opp bompengetaksten allereie komande vinter.

– Viss det mot von skal koma ein annan tilbakemelding, må saka opp att. Eg er glad for at Samferdsledepartementet følgjer oss på denne utfordringa, seier Anne Gine Hestetun.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.