Hopp til innhold

Regjeringa opnar for gardssal av sterksider

Siderprodusentane i Hardanger har venta i årevis på å få selje produkta sine rett frå garden. No vil regjeringa endre lova og tillate gardssal av sterksider.

Sider frå Hardanger

OPNAR FOR GARDSSAL: I dag kan ein berre kjøpe sider frå Hardanger på Vinmonopolet. Men det vil regjeringa no endre på.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

I oktober slo ein rapport fast at lokale produsentar kan få selje sider med over 4, 7 prosent alkohol, utan at det bryt med EØS-avtalen.

Det gjer at regjeringa no går inn for å endre alkohollova for å gjere sal av sider frå gardsbruka lovleg.

– Forhåpentlegvis kan me om ikkje så altfor lenge få lov å kjøpe sider i Hardanger og vere med på å styrke grunnlaget for å drive næring i distriktet, seier leiar for kommunal og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp).

Siderprodusentane ventar med feiringa

Passerer du ein av gardane i Hardanger som lagar cider, må du i dag køyre vidare og setje kursen mot polet. Det er nemleg berre der du kan få kjøpe sterkare drikkevarer, som Hardangersider som inneheld 9 prosent alkohol.

– Me har hatt så mange rundar på det før, men fatta jo eit lite håp i oktober, seier siderprodusent Asbjørn Børsheim frå Ulvik.

Han torer likevel ikkje å feire før han ser at forslaget frå regjeringa går gjennom på Stortinget, og får støtte i det frå kollega Nils Lekve, som driv Lekve Gard i Ulvik.

– Me har jo vorte skuffa før, så det er veldig dumt å ta sigeren på forskot. Men me håpar jo at dei no har fleirtal for dette og at me kan få gjennomført det så raskt som mogleg.

– God nytt for Hardanger

Ove Trellevik (H) meiner forslaget fører med seg godt nytt for næringslivet på Vestlandet.

– Dette er gode nyheiter for Hardanger folket, men også for heile Vestlandet. Eg ser for meg at når me får dette gjennom, gjer det at fleire vil starte opp med slik produksjon, seier Ove Trellevik (H).

For at bøndene skal få selje sterksider rett frå gardsdøra, må alkohollova endrast. Det bør gå bra, er både Njåstad og Trellevik samde om.

– Den førre regjeringa prøvde også på å få gjennom dette, så eg trur dette går bra, seier Trellevik.

Forslaget blir sendt på høyring i løpet av våren.

LES OGSÅ: Vil selja kortreist brennevin