Hopp til innhold

Dyrepoliti i to nye regionar i Noreg

Vest politidistrikt og Innlandet politidistrikt får dyrepoliti.

Peter Christian Frølich

GLAD I DYR: – Det er eit kvalitetsteikn ved eit samfunn at vi kan setja av ressursar til å beskytte dyra våre, seier Peter Christian Frølich (H). Her saman med hunden Selma som var med på lanseringa av to nye regionar med dyrepoliti.

Foto: Markus Vangen / NRK

Nyheita blei presenterast på ein pressekonferanse arrangert av Høgre, Framstegspartiet og Venstre i Media City Bergen i ettermiddag.

– Det er eit kvalitetsteikn ved eit samfunn at vi kan setja av ressursar for å beskytte dyra våre, seier Peter Christian Frølich (H). Han orienterte også om ein tett samanheng mellom dei som utøver vald mot dyr, og dei som utøver vald mot andre menneske.

Peter Christian Frølich (H), Helge Andre Njåstad (Frp) og Sondre Hansmark (V)

FLEIRE DYREPOLITI: Peter Christian Frølich (H), Helge Andre Njåstad (Frp) og Sondre Hansmark (V) presenterte nyheita om at to nye regionar får dyrepoliti frå 2018.

Foto: Markus Vangen / NRK

– Dyrepolitiet har handtert alvorlege saker, og den første som blei pågripen for vald mot dyr, synte seg også å vera involvert i omfattande barnepornografi, fortalde Frølich.

Fjerde og femte dyrepolitiet i landet

Ordninga med dyrepoliti vart først innført i Noreg som ei forsøksordning i Sør-Trøndelag politidistrikt i 2015. Året etter kom ordninga til Rogaland og i haust i Østfold.

– Ordninga med dyrepoliti har vore ein stor suksess der det har blitt innført, sa Helge Andre Njåstad (Frp), som hadde med seg hunden Selma for å presentera nyheita.

Dyrepoliti i Noreg er dermed innført i fem av 12 politidistrikt:

  • Trøndelag politidistrikt
  • Sør-Vest politidistrikt
  • Øst politidistrikt
  • Vest politidistrikt
  • Innlandet politidistrikt

– Viktig arbeid

NOAH aksjonerer for dyrepoliti i Kristiansand

KAMP: Organisasjonen Noah er blant dei som lenge har kjempe for dyrepoliti i Noreg. Dette politiet skal spesialisere seg på å oppklare saker der dyr vert utsett for vald og vanskjøtsel.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Dyrevernorganisasjonar har lenge kjempa for eigne politiavdelingar som skal overvinne mishandling av dyr og brot på dyrevelferdslova.

Noah er ein av dei som har teke til orde for eit landsdekkande dyrepoliti.

– Dette er kjempebra. Då er ein langt på veg mot målet om eit landsdekkande tilbod, seier leiar Siri Martinsen i Noah.

– Det er viktig at ein kjem raskt i gang med dyrepolitiet etter å ha lansert det, og difor må regjeringa få dette raskt inn i budsjettet. For folk som opplever at dei må melde dyrevald til politiet er det viktig at dei har nokon å vende seg til og at dei vert behandla seriøst, seier Martinsen.

Siri Martinsen i Noah

GLAD: Leiar i Noah, Siri Martinsen, meiner eit dyrepoliti i Hordaland og Sogn og Fjordane er eit viktig steg på vegen mot målet om landsdekkande dyrepoliti.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Noah-leiaren rosar regjeringa for arbeidet med dyrepoliti.

– Det gjekk lang tid før dyremishandling kom på politiet sin radar. Men etter at politikarane i 2015 innrømma at vi måtte gjere noko med dette problemet, har det gått fort. Dette arbeidet er utruleg viktig, seier Noah-leiaren.