NRK Meny
Normal

Brukar seks milliardar kroner på å gjera bompengar billegare

Regjeringa tok vekk gigantbeløp til vegar for at bilistane skal betale mindre bompengar. – Kakepynt på bompengekaka, meiner Ap og får støtte frå Venstre.

Bompenger og bomringen i Bergen

BOM STOPP: Den store bompengereforma skal gjera det billigare i bomringar over heile landet, som her i Bergen.

Foto: NRK

Val

Kuttet i investeringar til veg og samferdsel er eit resultat av bompengereforma som regjeringa lanserte i 2015.

Den skal gje bilistane seks milliardar kroner i bompengerabatt dei neste tolv åra. Målet er å redusera bompengesatsane i distrikta med minimum ti prosent.

Reforma gjekk gjennom då den blei godkjend av KrF og Venstre under budsjettforhandlingane.

– Vi har eit så høgt tempo på vegbygging i Noreg at det er viktig å halde den samla bompengebelastinga på eit nivå som bilistane kan leve med, seier leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H).

Både Venstre og Arbeidarpartiet er kritiske, og meiner desse pengane kunne ha gjeve meir veg og jernbane.

– Kunne brukt dei på ny E16

– Dette er ein symbolsk bompengerabatt. Pengane kunne heller blitt brukt til å sikre tidlegare byggjestart for ny veg og jernbane, som på E16 mellom Arna og Stanghelle, seier Magne Rommetveit (Ap).

Magne Rommetveit

VEG OG BANE: Magne Rommetveit (Ap) i transportkomiteen på Stortinget meiner milliardane burde gått til samferdsletiltak i staden for små bompengelette.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Den rasutsette vegstrekninga aust for Bergen har vore ei heit potet i årets valkamp. Både regjeringspartia og opposisjonspartia har kniva om å lova mest pengar og å koma raskast mogleg i gong.

Rommetveit ser på reduksjonen som «kakepynt på ei stor bompengekake» og trur det er viktigare for bilistane å ha trygge vegar enn å ha eit lite kutt i kvart enkelt bomprosjekt.

Også Terje Breivik (V) ville ha brukt pengane annleis. Likevel godtok Venstre motvillig at regjeringa heller ville gi bompengerabatt enn å gi den halve milliarden i året til investeringar til samferdsle.

– Av respekt for at andre parti i samarbeidet prioriterte annleis, godtok vi dette som ein del av ein heilskapleg budsjettavtale.

Nikolai Astrup

VERDT DET: Nikolai Astrup (H), leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, meiner regjeringa har levert så bra på samferdsel at dei har råd til å gje folket 6 milliardar i lette.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– For mykje bompengar enkelte plassar

Astrup vil ikkje høyra snakk om at dette er verken kakepynt eller småpengar.

– Me har prioritert at bompengebelastninga ikkje skal bli for høg. Det kostar seks milliardar over tolv år. Det meiner eg det er verdt, for dette er viktig for både næringslivet og folk i kvardagen. Ap ønsker å ta desse milliardane frå trafikantane.

Komiteleiaren meiner venstresida vil få store vanskar med å levera på samferdsel når ein risikerer å måtte forhandla med MDG og SV om eit eventuelt raudgrønt budsjett.

– Eit nytt fleirtal må starta perioden med å forhandla ned den vegsatsinga som Solberg-regjeringa no har brukt fire år på å bygga opp, hevdar Astrup.

Terje Breivik

MOTVILLIG: Nestleiar Terje Breivik i Venstre seier partiet motvillig sa ja til forslaget i budsjettforhandlingane.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Rommetveit meiner på si side at den samferdslepolitikken regjeringspartia har slått seg på brystkassen for eigentleg er eit resultat av at dei har styrt etter den raudgrøne Nasjonale transportplanen.

– I hovudsak har dei fylgt opp vår plan når det gjeld utbyggingar.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2