Hopp til innhold

Regjeringa gir ikkje opp industriskatt

Det er framleis uklart om regjeringa vil kutte industriskatten som gir kommunane milliardinntekter. For Øygarden og Lindås sørgar skatten for rundt 100 millionar kroner i kommunekassa kvart år.

Sture og Mongstad

Kommunane Øygarden og Lindås får inn rundt 100 millionar i året på grunn av sine ilandføringsanlegg, Sture og Mongstad.

Foto: Marit Hommedal/Helge Hansen / NTB Scanpix

Finansdepartementet seier til NRK at regjeringa vil fremje eit forslag for Stortinget, sjølv om regjeringspartnarane Venstre og KrF ikkje vil gi si støtte til det forslaget som no ligg føre.

Over 300 kommunar kan miste til saman 1,5 milliardar kroner dersom industriskatten (lokal eigedomsskatt på industrianlegg) blir kutta, ifølgje kommuneorganisasjonen KS.

– Må kome tilbake med justert forslag

Likevel er ordførarkandidaten for Høgre i Øygarden, som er mellom kommunane som får inne mest i industriskatt, roleg før Finansdepartement legg fram forslaget.

– Ut ifrå dei signala eg har fått frå stortingsgruppa til Hordaland Høgre vil ikkje fjerning av skatten bli gjennomført over natta. Dei må nok sjå på mogelege reformer ein gong til, og kome tilbake med eit litt justert forslag, seier ordførarkandidat for Høgre i Øygarden kommune, Andreas Kallekleiv.

– Var eit dårleg forslag frå regjeringa?

– Det vil eg ikkje uttale meg om, seier Kallekleiv.

Står om rundt 100 millionar i året

Øygarden og Lindås er blant dei kommunane som får inn mest i industriskatt, på grunn av ilandføringsanlegg for olje og gass. For desse to kommunane er det rundt 100 millionar kroner i inntekter kvart år som står på spel.

– Eg trur dette vil gå greitt, og er letta og avslappa. I alle fall i næraste framtid. Dei store endringa som det ville påføre Øygarden blir ikkje noko av, seier Kallekleiv.

Ap er i mot

Ordførarkandidaten for Arbeidarpartiet i same kommune er ikkje like roleg.

– Nei, ingenting er daudt i politikken før dei har klubba det. Det ser ut som det går den vegen, men eg pustar ikkje heilt roleg endå. Vi kjem til å arbeide knallhardt for at dette forslaget blir lagt vekk, seier Espen Harkestad.

Høyringsfristen går ut om to veker. Statssekretær Jørgen Næsje seier regjeringa då vil gjere si vurdering og fremje forslag for Stortinget.

– Vi ser fram til ein konstruktiv dialog når forslaget frå regjeringa er klart, seier Nesje til NRK.