Hopp til innhold

La ned gruppe: No hentar vegplanleggarane berre inn miljøråd om dei vil

Miljødirektoratet bidrog tidlegare i klima- og miljøgrupper i arbeidet med Nasjonal transportplan. No har samferdsleministeren lagt ned gruppene.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

HORDFAST: Ein politikar som er kritisk til Fergefri kyststamveg spurde om det var gjort ei samla klima- og miljøvurdering. Då oppdaga han at gruppene for slike vurderingar i Nasjonal transportplan er fjerna.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen / Vianova/Baezeni

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me har omorganisert prosessen for ny Nasjonal transportplan. Departementet har no sterkare styring over utforminga av planen. Etatane sine arbeidsgrupper om klima og miljø blei overflødige, forklarer statssekretær Allan Ellingsen (Frp) i samferdsledepartementet.

Nasjonal transportplan (NTP) er «bibelen» for samferdsleutbygging i Noreg: Ein langtidsplan for kva store og små prosjekt som regjering og storting vil prioritera.

Tidlegare har Vegdirektoratet hatt ansvaret for å utarbeida transportplanen. Som ein del av arbeidet var ulike fagmiljø med i ei klimagruppe og ei miljøgruppe.

– Desse gruppene leverte sentrale bidrag til NTP. Våre faglege grunnlagsdokument var viktige, seier seksjonsleiar Anna von Streng Velken i Miljødirektoratet.

Svekka rolle

Men i vinter flytta samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) NTP-arbeidet frå Vegdirektoratet opp til Samferdsledepartementet.

At klima- og miljøgruppene samstundes vart lagt ned, har ikkje vore kjent før no.

Det er ein aukande debatt om korleis samferdsleprosjekt aukar klimagassutslepp, skadar landskap og trugar artsmangfald.

Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Hordaland fylkesting, Roald Kvamme, er kritisk til planen om ferjefri kyststamveg på E39 frå Stavanger via Bergen og Ålesund til Trondheim.

Han oppdaga at klimagruppa er fjerna, då han spurde Miljødirektoratet om klima- og miljøkonsekvensane var kartlagd.

Kvamme meiner direktoratet no er svekka i samferdslesaker.

– For meg er det uforståeleg at staten sitt fagdirektorat for miljø ikkje skal vera tett involvert i NTP-arbeidet.

Roald Kvamme

MOT FERJEFRI E39: Roald Kvamme i Hordaland Ap oppdaga at regjeringa har fjerna klima- og miljøgrupper frå NTP-arbeidet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Lagar ikkje miljørapportar lenger

Tidlegare leiar for klimagruppa, Jørn Arntzen i Vegdirektoratet, vil ikkje kommentera saka, og viser til prosjektleiar for NTP, Jan Fredrik Lund.

Lund forklarer at etter omorganiseringa blir det ikkje lenger laga samla faggrunnlag for tema som klima og miljø.

– No gir Samferdsledepartementet i staden sine fagetatar på veg, jarnbane, sjøfart og luftfart meir enkeltståande oppdrag som trengst svar på i NTP-arbeidet.

Departementet ber då om at mellom andre Miljødirektoratet «blir involvert på hensiktsmessig måte», som det står i oppdragsbreva.

– Så fagetatane har høve til å inkludera Miljødirektoratet viss dei vil det, seier Lund.

Gul pærelav

GUL PÆRELAV: Den planlagde Hordfast-traséen går gjennom regnskogområde med unike, globalt sjeldne lavartar på Reksteren i Tysnes kommune.

Foto: Kirstin Maria Flynn

Svekka miljørolle

Men Anna von Streng Velken i Miljødirektoratet seier dei har blitt lite involvert i NTP etter omorganiseringa.

– Førebels er me tatt mindre med enn tidlegare. Me har ikkje jobba særleg aktivt med NTP i det siste.

Miljødirektoratet har blitt kontakta i samband med tre såkalla deloppdrag og skal «bidra med innspel der dette er relevant.»

– Me blir berre invitert viss dei vil ha vår kunnskap. Rolla vår er ikkje like sterk, seier Velken.

– Kva syns du om at klima- og miljøgruppene i NTP-arbeidet er fjerna?

– Det held me oss til, og bidrar når me blir bedne om det.

Anna von Streng Velken, Miljødirektoratet

SVEKKA: – Miljødirektoratet si rolle i arbeidet med Nasjonal transportplan er ikkje like sterk lenger, seier seksjonsleiar Anna von Streng Velken.

Foto: John Petter Reinertsen

Regjeringa: – Nedlegging styrka klimaperspektivet

Statssekretær Allan Ellingsen (Frp) i Samferdsledepartementet, avviser at Miljødirektoratet har mista påverknadsmakt. .

– Det blir heilt feil å ha ei klimagruppe sitjande nede i etatane når det departementet som styrer prosessen. Men Miljødirektoratet er vel endå sterkare inne i NTP-prosessen enn dei har vore tidlegare.

– På kva måte?

– Transportetatane tar med Miljødirektoratet i den grad dei meiner det er behov for det.

– Folk i direktoratet seier dei jobbar mindre aktivt med samferdsleprosjekt no enn før omlegginga av NTP-arbeidet?

– Poenget er at Miljødirektoratet ser meir på den heilskaplege politikken enn berre på Nasjonal transportplan. Det er departementet som styrer prosessen og me har ganske mykje høgare ambisjonar for reduksjon av klimagassutslepp i transportsektoren.

– Så det å leggja ned klimagruppa svekka ikkje klima- og miljøperspektivet?

– Heller tvert om. Me ser meir på tvers av etatar og departement korleis me på ein betre måte kan nå miljømåla som er sett, seier Ellingsen.

Allan Ellingsen, statssekretær i Samferdselsdepartementet

– OVERFLØDIG: Statssekretær Allan Ellingsen meiner arbeidsgrupper for klima og miljø ikkje lenger er naudsynt i arbeidet med Nasjonal transportplan.

Foto: Therese Bergersen / NRK