Regjeringa er taus om Mongstads CO2-framtid

Olje- og energiminister Tord Lien vil ikkje lova å sikra framtidig drift av testsenteret for CO2-rensing på Mongstad etter august 2017.

Statoil Mongstad

MONGSTAD: Avhengig av å bli brukt i framtida.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Framtida for senteret er avhengig av at selskap ønsker å bruka det, seier Lien.

Opprinneleg var testsenteret tenkt å bli ein del av eit fullreinsa gasskraftverket på Mongstad, men den raudgrøne regjeringa droppa planen. Mongstad er dermed den staden i Noreg med størst CO2- ureining.

Staten eig 95 prosent av senteret på Mongstad, gjennom selskapa Gassnova og Statoil.

– Det me ser internasjonalt er at interessa er aukande. Me har for tida høvesvis stor pågang og litt kø når det gjeld testanlegget her, seier Roy Vike Vardheim, administerande direktør ved teknologisenteret Mongstad.

Tord Lien

Olje og energiminister, Tord Lien. (Frp)

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Mange intensjonsavtalar

Men anlegget for reising med amoniakk har vore og er lite i bruk

– Anlegget for kjølt amoniakk står tomt, seier Vardheim.

Det andre anlegget som brukar såkalla aminteknologi har berre ein sikker kontrakt i boks fram til mars neste år. Den blei signert denne veka.

Testsenteret er likevel optimistiske etter å ha fått på plass fleire intensjonsavtalar no i haust.

– Kor mykje aktivitet må det vera her for at det skal vera liv laga for framleis drift?

– Hensikten må vera at me skal ha fulle ordrebøker heile tida. Vår jobb er å visa at dette anlegget er vesentleg, har relevans og at køen er lang. Me spelar sjølvsagt til fløyta går, seier Vardheim.

Roy Vardheim

Roy Vike Vardheim er administrerande direktør ved teknologisenteret Mongstad.

Foto: Stein Ove Korneliussen

– Ser lovande ut

Men regjeringa har ikkje tatt stilling til om testsenteret skal drivast vidare etter 1. august 2017.

Lien er likevel glad for at senteret den siste tida har fått fleire nye avtalar med internasjonale selskap som ønsker å prøva ut reinseteknologi der.

– Det som er viktig for å sikra framtida til testsenteret på Mongstad er at ein jobbar målretta for å skaffa seg partnarar på eigarsida, men ikkje minst å sørga for interesse for å testa karbonfangstteknologi på Mongstad.

– Er intensjonsavtalar ein god nok sikkerheit?

– Her må det jobbast vidare for å auka interessa for anlegget, men også for å landa dei førebelse avtalane som er inngått. Men eg meiner at no ser det lovandes ut.